Arbeidsplan 2006    
 

Arbeidsplan for
Troms Nei til EU

Vedtatt på årsmøtet 22. oktober 2005.

Situasjonsbeskriving:

Ved inngangen til ein ny stortingsperiode er det ikkje fleirtal på Stortinget for å søke medlemskap, og den nye regjeringa Stoltenberg har signalisert at den ikkje kjem til å søke medlemskap i perioden 2005-2009. Ettersom dette er del av plattforma for ei regjering som har fleirtalet bak seg i Stortinget, kan vi sjå på denne lovnaden som bindande; men blir det regjeringskrise i stortingsperioden vil det oppstå ein ny situasjon.

Situasjonen innad i EU er uklar etter avstemmingane som gav fleirtal mot EU-grunnlova i Frankrike og Nederland. Det er tydeleg, ut frå meiningsmålingar, at det å søke EU- medlemskap har lite støtte i den norske befolkninga. Det er såleis lite som tyder på at det blir eit trykk nedanfrå for å presse regjeringa til å gå inn for EU-medlemskap.

Samtidig vil presset fra den europeiske eliten for å få Norge med, vere der som før. Og den norske ja-sida vil fortsatt arbeide for norsk EU-medlemskap. Frå EU si side dreier det seg om å få Norge med for å oppnå kontroll over naturressursane. På den norske ja-sida, blant mediefolk, embetsmenn osv. dreier seg om å "vere med der det skjer".

Innsatsområder:

Troms NTEU vil ha sitt fokus på utvalgte områder:

  • Vi vil skape ny kunnskap om EU-grunnlova og utviklinga i EU.
  • Vi vil utvide kunnskapsgrunnlaget for motstand mot EU-direktiv som strir mot demokratiske, sosiale og miljømessige standarder i Norge, og mobilisere mot slike direktiv, med sikte på at regjeringa legg ned veto i slike saker.
  • Vi vil styrke organisasjonen i Troms gjennom verving og medlemsaktivitetar.
  • Vi vil halde Nei-alliansen i Troms intakt.

Mål for perioden:

    1. Skoleringstiltak om EU - i første rekke grunnlovsprosessen og indre problem. Mål: Gjennomføre ein skoleringskonferanse.
    2. Mobilisering mot EØS-direktiv gjennom informasjonsarbeid og møter, i samarbeid med sentralleddet.
    3. Følge opp verving og støtte lokallag i å organisere medlemsmøter med aktuelle EU-relevante tema. Mål: Halde på meir enn 1000 betalande medlemmer, og støtte arbeidet med å arrangere åpne medlemsmøter i alle fungerande lokallag.
    4. Aktiv kontakt med alle ledd i Nei-bevegelsen. Mål: Å invitere nærings,-fagbevegelse og andre org./parti til å halde innlegg på våre møter.
    5. Støtte arbeidet til Ungdom mot EU, ta inititativ i samarbeid med UMEU sentralt for å få opp aktiviteten i Troms.
    6. Fylkeskontoret: Sikre bemanning ved kontoret, og legge opp til ein arbeidplan for sekretæren med vekt på å støtte utoverretta aktivitetar, og interne skoleringstiltak. Gjere fylkeskontoret mest mogleg tilgjengeleg som møteplass.
 

Fylkeslaget

Fylkesstyret

Årsmelding 2005

Årsmelding 2003

Årsmelding 2002

Årsmelding 2001