Rapporter, foredrag o.l.  
 

Dagsaktuelle utfordringar for Norge
og råderetten over ressursane
.
Tromsø Nei til EU sin konferanse laurdag 13. april 2002.


Konferansen var open og annonsert i pressa og gjennom oppslag. Den blei halden på studenthuset DRIV. Det møtte i alt 25 personar på konferansen, som gjekk frå kl 1030 til 1415. Konferansen blei opna av Anna Margrethe Flåm, leiar i Tromsø Nei til EU. Møteleiar var Torstein Engelschøn

Kva skjer på Island?

Einar Eythorsson

Einar Eythorsson, Norsk Institutt for by- og regionforskning, avd. Alta, og islandsk statsborgar, heldt den første innleiinga, med tema "Kva skjer på Island?". Norsk presse har i den seinare tida prøvd å skape inntrykk av at Island var på veg til å søke medlemskap i EU, og det blei vist til meiningsmålingar som tyder på eit stort ja-fleirtal.

Eythorsson la fram fordelingane på ei rekkje meiningsmålingar, og over tid viser dei lite endring. Det ser ut til å vere stabilt, men knapt feilrtal på Island som ønskjer EU-medlemskap (52%). Det er berre 25% som sier nei til medlemskap, mens 23% er usikre. Utanriksministeren, Asgrimsson frå det islandske Senterpartiet, er for EU, mens statsministeren, Oddson frå det islandske Høgre, er EU-motstandar.

Kva kan vere grunnen til den EU-positive stemninga på Island? Eythorsson nemnde først systemet med omsettelege kvotar i fisket – dette er eit system som er tilpassa EU, og det har vore i bruk på Island sidan 1990. For det andre har omsettinga av fiskekvotar ført til at store ressursar er samla på nokre få rederi. Desse har også investert i havfiskeflåten i EU-land, og har såleis ikkje så stor frykt for ein EU-flåte som dei sjølve eig delar av. For det tredje er fisket på Island integrert slik at dei som eig båtane også er eksportørar og dermed meir marknadsorienterte enn t.d. norske fiskarar.

Eit fjerde argument er at Island er litt likt landa i Aust-Europa som søkjer medlemskap – også på Island er det ein utbreidd mistillit til statlege institusjonar. Om det ikkje er korrupsjon, så er det små forhold og svakt personvern; i tillegg er ikkje arbeidarvernlovgivinga særleg godt utvikla - mange i fagrørsla vil hevde at EU har eit betre regeleverk enn Island. Eit femte argument er at islendingar er trøytte av ei økonomisk berg-og-dalbane, skyhøgt rentenivå (18-20%) og ser på Euroen som ein stabiliserande faktor. På den andre sida vil EU-motstandarar hevde at arbeidsløysa er mykje lågare og den økonomiske veksten mykje større på Island enn i Euro-sonen.


Lokal og nasjonal ressursmakt i dag: Viktige utfordringar.

Ragnar Nilsen

Ragnar Nilsen, IPL, Universitetet i Tromsø, som arbeider med eit delprosjekt under den norske Makt- og demokratiutredninga, heldt ei innleiing om lokal og nasjonal ressursmakt i dag, med særleg fokus på fiskeressursar og på retten til vasskrafta i Norge. Nilsen framheldt at Norge faktisk er eit "anderledesland" ettersom så store delar av våre inntekter er knytt til utvinning og hausting av naturressursar. Den økonomiske verdien av vasskraftressursane er i liten grad kjent, ettersom det er liten omsetning av kraftverk. Økonomiske berekningar tilseier imidlertid at verdien er på linje med oljesektoren – med den forskjellen at vasskrafta i prinsippet er evigvarande.

Vasskrafta er i høg grad forvalta som ein fellesressurs. Når den har vore overlatt til private selskap, er det med ein heimfallsrett – at retten og verka vederlagsfritt skal tilfalle den norske stat etter eit visst antal år. Staten sin kontroll med vasskrafta har vore eit sentralt element i bygginga av den moderne norske staten – etterkvart velferdsstaten.

Vasskraft og energi har vore tenkt som ei forsynings- og fordelingsoppgåve, ikkje som ei vare for fri omsetting. Ser vi på EU, så kan idéen bak EU sin økonomiske politikk ifølgje Ottar Brox samanfattast i ordet "eit privatiseringsprosjekt". I den grad EØS-avtalen er i strid med heimfallsretten – og slike signal er allereie kome – så vil ei nærare tilknyting til EU føre til ei privatisering av kraftressursane. Rådet frå Ragnar Nilsen var dermed at kommunar og fylke ikkje bør selje sine kraftverk eller eigedelar i slike.


Eksemplet olja: Kva betyr råderetten over den?

Håkon Helle

Håkon Helle, advokat til Høgsterett, busett i Stavanger, heldt så ei innleiing om råderett over norske petroleumsressursar. Han viste til at oppfatninga om Norge som eit svært rikt land er av ny dato – ved mange høve hadde det vore debattar om det i det heile burde bu folk i eit land med så karrig natur og dårlege forhold for matproduksjon på land. Det spesielle ved Norge er ikkje at landet er rikt på naturressursar, men at vi har institusjonar som sikrar at verdiane som blir skapt frå ressursgrunnlaget kjem heile folket til gode – den sterke vekta det i Norge gjennom historia har vore på allemannsretten. Dette har også ført til at vi i Norge ser på Staten som folkets eigedom, og ikkje som ein institusjon som utnyttar folket.

I 1970 blei det påvist drivverdige forekomstar av olje på norsk sokkel. Men før dette hadde den norske staten knesett prisnippet om statleg eigendomsrett til eventuelle oljeressursar. I samsvar med Genevekonvensjonen frå 1958 om statars rett til eigen sokkel blei Petroleumslova vedtatt allereie i 1963. Og her framgår det av §2 at: "Retten tilligger staten…" Har så politikken vore vellukka? Lenge gjekk offentlege midlar med til investeringar i installasjonar, først på 1990-talet er det blitt ein haustingsfase med statlege inntekter.

Det er brei semje om at politikken, basert på ei hard skattlegging av oljeselskapa sine inntekter (78%) pluss roylaty av produksjonen pluss andre skatteordningar, har vore vellukka. Også dei private storselskapa har innrømt dette. Petroleumslova, som held fram at inntekter frå oljeverksemda skal kome heile det norske samfunnet til gode – velferds- og distriktsomsyn m.m. er klart i strid med EØS-reglane, der ein ser oljesektoren som ein rein økonomisk konkurransesektor. Dette kjem klart til uttrykk i EØS sitt forhold til Statoil – som etter EØS ikkje skal ta andre omsyn enn å tene pengar.

Ei aggressiv linje frå EU har særleg kome til uttrykk når det gjeld omsetninga av gass. Norge har måtta nedlegge gassforhandlingsutvalet, og det er blitt arbeidd med krav om erstatning for dei skader som fråver av konkurranse (langsiktige gassavtalar) kan ha påført private selskap.


Havrettstraktaten: Kan arbeidet med den vise veg for ein nasjons mulegheiter for å verne verdsressursar?

Ivan Kristoffersen, tidlegare Nordlys-redaktør og statssekretær i fiskeridepartementet held siste innleiing på konferansen. Han tok for seg retten til fiskeressursar som kom som resultat av Havrettstraktaten som blei framforhandla i 1977, med Jens Evensen som viktig pådrivar. Frå ei sjøgrense på 12 mil fekk Norge radikalt utvida sin råderett med innføringa av 200 mils økonomisk sone. Forvaltninga av den økonomiske sonen skulle skje med utgangspunkt i langsiktig ressursvern, med eit samarbeid med andre nasjonar når det galt vandrande bestandar, og med samarbeid med andre statar som historisk hadde hatt fiske i sonen.

Konferansedeltakarar

Ivan Kristoffersen meinte at EU sitt fiskeripolitiske regime og regelverk for utvinning av ressursar, rørledningar osv. var i strid med havrettstraktaten sin klare tildeling av rettar til nasjonalstatar. For Havrettstraktaten slo også fast kyststaten sine rettar til ressursar på havbotnen, under havbotnen, og utvinning av desse. Også her ville havretten sine prinsipp vere i konflikt med EU sitt syn på den frie konkurranse og omsynet til private interesser, og Kristoffersen undra seg over at dette forholdet ikkje hadde blitt gjort til eit tema under forhandlingar med EU.

I etterkant av innlegga var det opna for spørsmål og debatt, og mange av deltakarane på konferansen hadde spørsmål og innlegg, Anna Margrethe Flåm oppsummerte konferansen som vellukka og viktig, samtidig som ho også peika på det beklagelege i at media ikkje viste interesse for eit arrangement, viktig både for aktuell samfunnsinformasjon og for politisk meiningsdanning.