Rapporter, foredrag o.l.

 

Tilbake


30 (men eigentleg 40) år i kamp for folkestyret
(1962) - 1972 - 1994 - 2002

Foredrag på Troms Nei til EU sin Nord-Norge-konferanse 28.9.2002
Nils Aarsæther, leder Troms Nei til EU 1991-1997

Disposisjon:

Kva markerer vi i september 2002, korfor gjer vi det og kven er ”vi”
1962: Første søknad om medlemskap, så eit mellomspel i 1967
1970-1972: Folkebevegelsen og 53.6 %
1988-1994: Nei til EU og 6-årsstriden som førte til 52.2 Kor står folkestyret i dag? Norsk utakt og framtidsmuseum (Enzenberger)

1. INNLEIING

Det vi markerer den 25. september 2002 er 30-årsdagen for den første folkeavstemminga om EF/EU i 1972. Då blei resultatet 53.5 % NEI, mens det blei klare JA-fleirtal i Danmark og i Storbritannia. Kampen for og imot norsk EF/EU-medlemskap starta imidlertid 10 år før 1972, i 1962, og det kan vere vel verdt å sjå tilbake til dei erfaringar som Nei-sida gjorde allereie den gangen. Historia om norsk EF-strid er gitt ei fyldig framstilling i boka ”Mot strømmen” av Tor Bjørklund (1982), og dette foredraget byggjer i stor grad på stoff som er henta frå denne boka.

2. FØRSTE RUNDE 1962 

Forhistoria: Det heile begynte i 1961, då fleire EFTA-landa, med Storbritannia i spissen, ville slutte seg til EEC. Romatraktaten av 1957 låg som kjent til grunn for EEC. Norge søkte medlemskap i EEC for første gang i 1962. Men også  motstandssida kan feire eit 40-årsjubileum. I 1962 blei det laga to landsomfattande aksjonar mot norsk medlemskap, begge med siktemål å samle eit Nei-fleirtal ved ei folkeavstemning – som det den gangen aldri blei noko av. Det interessante er at det var to aksjonar – For det første ” De 143”. Denne aksjonen hadde sitt tyngdepunkt i venstresida i Arbeidarpartiet og i delar av fagbevegelsen. Verken NKP, det nye SF, primærnæringane eller mellompartia var inviterte til å delta i denne aksjonen. Dei organiserte det første demonstrasjonstoget mot EEC-medlemskap i mars 1962, og samla ein stor, og tverrpolitisk prega  nasjonalkonferanse i januar 1963 – men da var allereie kampen avblåst for denne gangen.

Det seier litt om tverrpolitisk arbeid den gangen at Senterpartiets Hans Borgen – seinare leder i Folkebegevelsen mot EEC, fekk refs av Sentralstyret og Per Borten for å ha deltatt   NEI-arrangementet til De 143. 

Litt etter at De 143 var danna, blei ”Opplysningsutvalget av 1962” organisert. Opplysningsutvalget hadde sitt utspring i Senterparti- og bondelagskretsar, og rekrutterte inn mot mellompartia og mot høgrefolk som var mot EEC. Det var altså ein ”borgarlig aksjon” med utspring i SP og bondeorgansiasjonar og en ”sosialistisk” med basis i venstresida i AP og fagbevegelsen. Den einaste formelle kontakten mellom dei to var at Opplysningsutvalget tok på seg å betale delar av gjelda til De 143 da kampen var avblåst. Det skjedde som kjent gjennom DeGaulle sitt veto mot britisk medlemskap. 

Oppsummert: Både tilhengarar og motstandarar gjorde seg sine erfaringar i 1962. Det var uaktuelt å bygge saman motstanden; den blei gruppert i tre-fire leirar:

- Opposisjonen i AP og i fagrørsla ”De 143”

- NKP og SF Faglig Aksjon

- Bondelaget og Senterpartiet: Opplysningsutvalet

- Opplysningsfolk og lekmannskristne: Vestlandsutvalet

For det andre var det tre posisjonar: Medlemskap, assosieringsavtale og ingen tilknyting.  Det var splitting mellom dei som gjekk for assosiering og dei som ikkje ville ha nokon form for tilknyting.

Argumentasjonen mot EEC-medlemskap var frå første stund knytt til demokrati og suverenitet. Krigen og okkupasjonen var framleis levande som eit bakteppe; Det politiske grunnlaget for den første store demonstrasjonen var:

- Vakt om grunnloven og folkestyret

- For De forente nasjoner

- Internasjonal avspenning og fred.

1967: Mellomspel med ny søknad, ny fransk avvising – og Nordøk-havariet 1970 

Den norske regjeringa søkte også medlemskap i 1967. Nettopp på det tidspunktet syntes motstanden å vere svært svak. Senterpartiets Per Borten var no statsminister. Opplysningsutvalget av 1962 inviterte De 143 til å være med på ei fellesannonse mot medlemskap, men De 143 fann ikkje å kunne samarbeide med Opplysningsutvalget. De 143 samla underskrifter mot medlemskap og fikk inn 2140. Såpass seint som i 1967 var det vanskeleg å få til eit tverrpolitisk samarbeid for å hindre EEC-medlemskap. 

Heldigvis, kan vi i ettertid seie, blei det ikkje noko av søknaden denne gongen heller. Tor Bjørklund vurderer det slik at 1967 var den einaste runden der Ja-folket hadde hatt ein sjanse til å få fleirtal.

Mot slutten av 1960-talet blei det særleg frå dansk side arbeidd med å skape eit NORDØK – eit økonomisk samarbeid i Norden, som alternativ til EEC. Denne planen måtte oppgivast   Finland sette foten ned.

3. DEN FØRSTE STYRKEPRØVEN 1970-1972

Da det for tredje gang blei opna for engelsk, dansk og norsk medlemskap i EEC rundt 1970 hadde det skjedd ei viktig endring på motstandssida: Vel var beredskapen der i form av slumrande 143 og Opplysningsutvalet; det nye var at ungdommen no kom først på banen. Og det var ikkje kva som helst slags ungdom – det var ein generasjon som hadde opplevd eller blitt prega av studentopprøret 1968 og protesten mot USA si krigføring i Vietnam. Alle Stortingspartia sine ungdomsorganisasjonar, minus UH (men pluss KU) kom saman våren 1970 for å samle kreftene i kamp mot norsk EEC-medlemskap. Desse kunngjorde 28. august 1970 eit samarbeid av ungdomsorganisasjonar som gjekk mot norsk EEC-medlemskap. Den ikkje heilt unge Kristen Nygård blir nemnd som ein av dei som jobba aktivt for å få til dette samarbeidet mellom politiske ungdomsorganisasjonar. Same dag – og det slett ikkje tilfeldig – blei Folkebevegelsen mot norsk medlemskap i Fellesmarkedet stifta. 28. august 1970 er altså det nøyaktige tidspunktet for det tverrpolitiske arbeidet sitt gjennombrot i nyare norsk politikk.

Ei heilt tafatt og splitta Nei-side i 1967 var i løpet av tre år avløyst av ein optimistisk og velorganisert Nei-front. Korleis kunne dette skje? Det er fleire nye politiske straumdrag som kan seiast å flyte i hop, og det er straumdrag som enno i 1967 betydde lite eller ikkje noko. Stortingsvalet 1965 er eit godt eksempel. Så seint som i 1965 hadde nasjonen blitt uvanleg sterkt politisk mobilisert for å avgjere om det skulle vere fortsatt AP-regjering eller ei borgarleg regjering. Dette blei framstilt og opplevd som  viktig at folk gjekk mann av huse ved stortingsvalet (valoppslutninga var 85 %).

Fem år etter var ikkje motsetninga mellom sosialdemokratisk og borgarleg styre forsvunne. Men den var atskillig neddempa, ettersom regjeringa Borten viste seg å føre vidare den sosialdemokratiske velferdspolitikken som regjeringa Gerhardsen hadde ført. Som kjend blei Folketrygda – eit gedigent velferdspolitisk løft – vedtatt (1967) og gjennomført med den borgarlege regjeringa. Skattar og avgifter måtte stige for å finansiere dette løftet. Så folk på begge sider måtte revidere sine oppfatningar av kor djupt skiljet borgarleg / sosialdemokratisk eigentleg stakk.

Men vel så viktig for den politiske nyorienteringa og nye samarbeidsmuligheter var framveksten av heile fire nye skiljeliner, som alle blei meldt inn på den politiske arenaen fram mot 1970.  Desse var:

Autoritetar mot grasrota, inspirert av studentopprøret i 1968

Vekstpolitikk mot miljøvern, inspirert av Mardøla-aksjonen

I-land mot U-land, ny-imperialisme, inspirert av motstanden mot USA i Vietnam

Sentrum mot periferi, inspirert av Ottar Brox og Stein Rokkan – to nordnorske samfunnsforskarar som bidrog til å fjerne mindreverdsstempelet på folk i Nord- og i distrikts-Norge.

Så vi fekk eit uvanleg gunstig samanfall av omstendigheiter: På den eine sida ved at ”den eldre politiske garde” måtte innsjå at forskjellen mellom sosialdemokrati og ein borgarleg koalisjon ikkje var avgjerande for samfunnsutviklinga. På same tid førte dei nye politiske stridsspørsmåla til mobilisering av ein heil haug med yngre folk – i hovudsak dei store studentkulla – som meldte seg til politisk teneste, utan den store respekten for parti eller partipolitiske skilje. Engasjementet til dei yngre, samt ”vaksne” som fann ut at det var mogleg å samarbeide saksretta på tvers av  gamle skilje mellom yrkesgrupper og partis.  Dette engasjementet blei fanga opp av Folkebevegelsen mot norsk medlemskap i Fellesmarkedet. FB vaks ikkje fram frå grasrota – den blei konstruert ”ovanfrå”. Og var i utgangspunktet basert på ei saksretta samling av krefter som ikkje kunne samarbeide i 1962 og 1967. Styrken til FB låg i at den blei tilført energi nedanfrå ved at studentar, byaktivistar og bygdeaktivistar blei inviterte til aktivisere seg som medlemmar i lokallag og fylkeslag av den nye kamporganisasjonen.

Det tverrpolitiske samarbeidet mellom ungdomspartia blei meir og meir ein del av FB. På ytterste venstre fløy blei ”Arbeiderkomiteen mot EEC og dyrtid” starta som eit alternativ til FB, men også denne organisasjonen oppmoda etterkvart sine medlemmar til å delta i FB.

Det politiske grunnlaget for FB var ikkje spesielt sterkt presisert, for det var viktig  å ikkje støyte frå seg dei ulike gruppene der det var mange EEC-skeptiske – som fagorganiserte, bønder, fiskarar, ungdom med miljøpolitisk engasjement, akademikarar, kristenfolket eller EEC-motstandarar i AP og Høgre.

Det politiske grunnlaget var framforhandla i forkant av offentleggjeringa av FB den 28. august 1970 og der var følgande framheva:

- å ta vare på vårt politiske demokrati,

- internasjonal handlefrihet

- Norge som ein selvstendig stat.

Statsvitaren Tor Bjørklund formulerer det slik: EF-motstanden var det utenomparlamentariske forsvaret av parlamentet.

Ord som  ”sjølvråderett   parolar av typen ”Nei til salg av Norge”  finst ikkje i plattforma. For å etablere ein brei front mot EEC var det nødvendig å utvise stor varsemd, ikkje berre i politiske standpunkt, men også i ordval. Folkebevegelsen var heilt avhengig av å få oppslutning i miljø med liten fortrulegheit med politiske slagord. Og den måtte operere i eit svært fiendsleg mediemiljø, der skuldingar om å vere lite seriøse, venstrevridde osv. sat svært laust. Folkebevegelsen måtte kombinere det å ha eit ”radikalt” standpunkt med å vere ”respektabel” i alle kretsar – ein balansegang som stilte store krav til disiplin rekkene. Alltid tverrpolitisk, alltid etterretteleg, men også alltid folkeleg og aktiv på grasrota.

Dette lukkast Folkebevegelsen med, nesten 100 %. Som eit resultat truverdigheit og aktivisme blei den store striden vunne. Det kunne lett ha godt gale. I sluttspurten var det ein risiko for at ein lanserte feil informasjon, og det var ein risiko for at ein tok i bruk litt for kraftige metodar. Det var så vidt at vardebrenninga ikkje slo tilbake mot Nei-sida, men den foregjekk stort sett i trygt ”Nei-land”. Elles var det FB sitt utspel om at trygdene ville bli senka med EU-medlemskap som holdt på å skape eit tilbakeslag, for det viste seg at FB refererte til ein ”plan” som ikkje eksisterte (Dahl og Bjørnsen: ”Det var en gang en folkeavstemning”).

Ein av grunnane til at det gjekk godt, var kombinasjonen av sentral leiing og eit relativt kort tidsperspektiv. Det var akkurat to år å gjere jobben på. Den sjølvutnemnde interimstyret gjekk over til å vere eit styre med tillitsvotum frå eit landsmøte som blei samla i mai 1971. Noko klassisk organisasjonsdemokrati var det lite tid til å utøve – skulle Nei-sida vinne kampen måtte ein ikkje kaste vekk verdifull tid på indre demokrati. Arne Haugestad var generalsekretær og saman med sine næraste medarbeidarar i styret og i sekretariatet i Oslo bestemte han det aller meste. Det politiske arbeidet til sentralen blei gjennomført på ein kompetent måte, men utan den karismatiske leiarstilen som nok mange ute i lokallaga sakna.

”Vi treng ein general!” – var ei ytring eg huska frå den myndige redaktøren av den kristne avisa Dagen. Arthur Berg, som var formann i Hordaland fylkeslag.

Tor Bjørklund har samanlikna den norske EEC-motstanden 1970 – 1972 med den danske. Det er fleire gode grunnar til at ein vann i Norge, men tapte i Danmark. For det første fekk den norske Folkebevegelsen pengar frå landbrukssamvirket. I Danmark var bøndene sine organisasjonar på ja-sida. I Norge hadde Folkebevegelsen  ei klar oppfatning av kva bevegelsen stod for – DEN EINE SAKA. PUNKTUM. I Danmark blei EU-motstand blanda med mange andre kampar og parolar, og mange var skeptiske til å vere med i arrangement med svært ulike parolar.

Ryddigheten i den norske EEC-motstanden i Folkebevegelsen sin regi var også markert ved at ein hadde ei felles oppfatning av kva som var alternativet – nemleg ein handelsavtale med EF. (tenkt framforhandla på nordisk basis). Sjølv om det fanst motforestillingar og dei som meinte at ein  slik avtale kunne ver eit springbrett inn i EEC på sikt, var det einigheit om å stå samla om den. Utad var Folkebevegelsen dermed i stand til å svare på det viktige spørsmålet ”Men kva er alternativet?” - spørsmålet om Norges plassering i forhold til eit utvida EF, på ein forståeleg måte. Og, som vi huskar, Handelsavtale blei resultatet – det ja-sida påstod var umuleg å oppnå.

Folkbevegelsen si vekt   ryddighet blei på sett og vis styrka ved at den hadde ein konkurrerande Nei-organisasjon – Arbeiderkomiteen mot EEC og Dyrtid. Denne organisasjonen hadde Carl-Erik Schulz som administrativt ansvarleg, og hadde utspring i dei  student- og industrimiljø der den marxist-leninistiske organiseringa stod sterkt.

EEC-motstanden i Troms var organisert i med Tromsø som sentrum, og frå juni 1972 hadde fylkesstyret  eit kontor med tre tilsette. Fylkesleiar var psykiateren og NKP-mannen Harald Reppesgård. Øvrige sentrale personar i styret var Kjell G. Jacobsen (Småbrukarlaget), Arne Nordgård (Bondelaget) og Asmund Hansen (Jern og Metall).

Det blei teikna mange medlemmer i FB i Nord-Norge – fleire enn det var NTEU-medlemmer i 1994!

Nordland: 5485

Troms:      4671

Finnmark: 2595

Men dramatikken knytt til fiskeriforhandlingane kom nok til å bety svært mykje for avstemmingsresultatet i Troms og i Nord-Norge. Då forhandlingsresultatet var klart på nyåret 1972 gjekk fiskeriministeren Knut Hoem, av. Han var også direktør for Norges Råfisklag. Da var nok løpet kjørt for ja-sida langs kysten. Hoem blei erstatta av ja-mannen Magnus Andersen frå Bø. I den nye fiskeriministeren sin heimkommune blei det over 90 % som stemte Nei.

Tala frå Nord-Norge – den landsdelen som var og er mest avhengig av fiskeeksport til Europa er tydelege. Nei-prosenten blei:

Nordland: 72.5 %

Troms:      70.2 %

Finnmark: 70.4 %

Mest Nei var Røst med 93.5 %. Ingen på Røst var medlem i Folkebevegelsen..

Mest Ja var Narvik og Bardu, og også her var det Nei-fleirtal.

EEC-kampen  1970-72 Blei vunne av Nei-sida gjennom ein kjempeinnsats frå grasrota og eit kløktig leiarskap sentralt. EF var villige til å inngå ein frihandelsavtale som holdt jordbruk og fiskeri utanfor.

4. KAMP MOT EU-MEDLEMSKAP 1988 – 1994

Vi skal ikkje her gå så nøye inn på den siste EU –kampen som starta i 1988 og som blei avslutta den 28. november 1994. Den huskar alle fortsatt godt.

Striden som kulminerte i 1994 følgde i same spor som i 1972. Primærnæringane sine folk var i mot, det var også ungdommen, motstandsbevegelsen var samlande og disiplinert.

Men det var nokre viktige forskjellar:

Riksmedia var klart meir JA i 1994. I 1972 var Dagbladet ei viktig informasjonskjelde i det sentrale mediebildet.

LO kom ut med eit knapt Nei-fleirtal på kongressen i 1994. Tilsvarande kongress i 1972 var overveldande Ja, og vi huskar dei mange ”kortidssekretærane” som LO sendte ut etter sitt Ja-vedtak.

Det var lettare å argumentere i 1994, for mange av dei tinga som var omstridde i 1972 var blitt kjensgjerningar i 1994. EU var blitt til ein Union – det var ikkje mogleg å latterleggjere unionsargumentet lenger. Og det var blitt langt større arbeidsløyse i EU enn det var i Norge. I 1972 var det mindre arbeidsløyse i dåverande EU. Og Ja-sida kunne spele på frykt for arbeidsplassane om vi blei utanfor. Det stemte jo på ingen måte, men det kom fram først utover på 1970-talet.

Det var langt færre bønder og fiskarar i 1994 enn i 1972, og langt fleire budde i byane. EU-motstanden kunne ikkje i same grad basere seg på distrikta og primærnæringane som i 1972.

På den andre sida var det langt fleire offentleg tilsette i 1994, og skepsisen i deira organisasjonar var blitt vel så stor som i fleire av dei tradisjonelle industriforbunda. EU er ingen venn av offentleg sektor, EU-politikken blir tvertimot oppfatta som basert på ein ideologi som stimulerer til privatisering og nedbygging av velferdsstaten.

Men kanskje den STØRSTE forskjellen mellom 72 og 94: Kvinnene kom til å spele ei viktig rolle i den organiserte EU-motstanden. EU-kampen 1970-72 kom akkurat eit par år for tidleg til at den kunne ta opp i seg den enorme politiske energien som blei utløyst gjennom den nye  kvinnebevegelsen utover på 1970-talet. Folkebevegelsen var langt på veg ei manns-”greie”, og det var få som reagerte noko særleg på at kvinnene var heilt fråverande i leiinga av FB. Til gjengjeld kom kvinnene til å bety svært mykje i den siste EU- kampen. Frontfigurane var jo Gro på Ja-sida og Anne på Nei-sida.

Nei til EU blei danna i 1990 gjennom ei gradvis utbygging av eit nytt ”Opplysningsutvalg” som Kristen Nygård tok initiativet til i1988.  Nei til EU blei meir tydeleg som ein demokratisk organisasjon, noko som var heilt nødvendig ettersom kampen denne gongen ville bli langvarig – nesten 5 år.

Seieren i 1997 var tydeleg nok – 52,2 %, men det har vist seg meir vanskeleg å forvalte utanforskapet etter 94 enn det var i 72. I 1972 gjekk regjeringa av, og vi fekk ei Nei-regjering utgått av mellompartia som tok seg av den viktige fasen med å fa ein handelsavtale på plass. Etter Nei-seieren i 94 var det taparane som skulle forvalte utanforskapet – for dei politiske tyngdelovene blir ikkje oppheva av eit enkelt folkeavstemningsresultat. EØS – innført i 1994 - har brakt oss mange tilbakeslag i åra som har gått.

5. DET VI BØR TA VARE PÅ

Det viktigaste ved EU-seierane i 72 og 94 er at dei har vist at folk flest kan vere med på å virke inn på historias gang. ”Vi er i historien, dere” sa Anne Enger L. under oppkjøringa til sluttspurten i Trondheim juni 1994. Vi er ikkje berre henvist til å lure på korleis det går med Norge, og å legge vår skjebne i hendene på ein politisk og økonomisk elite. Korleis det går er jo langt på veg opp til oss sjølv. Historia frå 1962 til i dag har vist at folkeleg engasjement og kløkt kan vinne over makta. Vi skulle vere bra ute å kjøre om vi ikkje tok vare på denne tradisjonen og dei mulighetene den gir til å forme framtidas samfunn.