Tromsø Nei til EU  
 

MEDLEMSSKRIV 2/2002


Gode medlem i Tromsø Nei til EU                           

Her kjem vårt andre medlemsskriv i år. Det tredje, og siste, kjem i oktober. Me nyttar høvet til å minne om medlemskontingenten, og legg ved purring til aktuelle. Me vil nytte dette medlemsskrivet til å kunngjere ein del viktige arrangement denne hausten. Vel møtt til deg og dei du kjenner!


19. – 20. oktober:

Seminar om kvinner og EU.

I  Oslo. Meir info:        

http://www.neitileu.no/man/organisasjon/kvinne_konferanse.html

Ypparleg høve til å treffe andre NtEU-arar, og å oppgradere kunnskap. Er du interessert, ta kontakt.                


25. - 26. oktober:

Globaliseringskonferanse.

MH-bygget i Tromsø. Programmet er i støypeskeia. Sjå førebels program nede på sida.


November:  

Konferanse om EØS-avtalen - EU og norsk fiskeripolitikk.

Konferansen blir sett i forhold til UD-konferanse om ”EU’s nye fiskeripolitikk”, som er tillyst i Troms i november,  (dato ikkje enno kjent). Nærare kunngjering seinare.


12. og 13. desember:

EU-toppmøte i København

Aksjonen ”Stopp unionen”, beståande av Nei til EU og Ungdom mot EU, inviterer til å delta i markering ”mot Unionen og for et bedre Europa”. Mål er 400 deltakarar frå Norge til fredeleg markering I København. Hovedmål er å få fram  kunnskap om EU’s politikk, og å få fram alternativ kunnskap til det som kjem fram i ja-media i forkant av toppmøtet. Meir info: www.neitileu.no, eller SindreHumberset@neitileu.no


GLOBALISERINGSKONFERANSE

MH-bygget i Tromsø 25. og 26. oktober 2002

(Nokre punkt frå førebels program)

Fredag: kl. 12:00 - 17:00:

Økonomisk Globalisering v/Helene Bank

FN’s rolle i øk. globalisering v/Eva Gran

Øk. glob. og nordnorsk distriktspolitikk v/Bente Aasjord

Laurdag: kl. 10:00 - 15:00:

Økonomisk globalisering og angrep på velferdsstaten

Asbjørn Wahl/Rolf Rynning Hansen 

10 år med EØS-avtalen i Norge.

Økonomisk globalisering og erfaringar med avtalen: Korleis grip EØS-avtalen inn i forhold til forvalting av naturressursar og ivaretaking av velferdstaten v/Sigbjørn Gjelsvik

Omstilling og globalisering v/Kjell Arne Rørvik

Erfaringar frå Freia Norge v/Bente Løvås

Inviterte innleiarar er folk med serskilt kunnskap på kvart område.Aksjon Velferdsstaten Troms/Tromsø, Kvinner på Tvers, Attac Tromsø, Høgskolen i Tromsø har arbeidd konferansen fram. Tromsø Nei til EU vil inngå i samarbeid. Programmet blir ferdigstilt i slutten av september og kunngjort då.



Sidan forrige medlemsskriv er ”Nei til EU-generalen” Kristen Nygaard død. Ein av hans hovedtankar var at det viktigste arbeidet etter folkets nei til EU i 1994 er å bygge alliansar og å vidareføre arbeid for det som er alternativt samfunn til EU. Dette alternativet ga han namnet SAMHOLDS-NORGE. Me er takksame for hans store arbeid og lyser fred over hans minne.

I det dette medlemsbrevet går ut, er den internasjonale miljøkonferansen i Johannesburg nettopp ferdig. Det er difor av interesse å vise lesarbrevet som nettopp gjekk ut frå Nei til EU:

”Frivillige organisasjonar frå heile vera rosar i desse dagar Noreg for ei uredd og standhaftig framferd under FN-toppmøtet om bærekraftig utvikling i Johannesburg. Denne rolla kunne Noreg ikkje ha spela dersom vi hadde vore medlem av EU.

Dagbladet skildrar 02.09. dragkampen som fann stad under forhandlingane i Johannesburg. Australia hadde lagt på bordet forslag om at miljø-og fattigdomsbekjemping skulle underordnast globale handelsreglar. Dette ville betydd eit stort tilbakesteg for dei krefter som ynskjer ein meir rettferdig verdshandel. Miljøorganisasjonar frå heile verda truga med å reise heim frå møtet i protest.

Noreg sto lenge åleine om å avvise Australia sitt framlegg. Etterkvart slutta Sveits, Canada og Ungarn seg til Noreg. På motsett side sto USA, Australia, u-landsgruppa G-77 og EU. Etter timelange forhandlingar hadde Noreg innkassert ein siger det i følge Dagbladet ”knapt finst maken til” i FN-sammenheng. Hjernen bak seieren, utviklingsministar Hilde Frafjord Johnson forklarar EUs snuoperasjon med at ”vi hadde mange nok skaptilhengarar i EU” (NTB 02.09).

EU talte med ei stemme i Johannesburg, og ingen EU-land kunne derfor ”komme ut av skapet” før heile EU til slutt snudde. Noreg kunne saman med andre ”utanforlandspele ei rolle som EU-landa ikkje kunne. Som ansvarlege statsrådar under forhandlingane fortener og miljøvernministar Børge Brende all mogeleg ros. Samstundes kan ja-mannen Brende takke det norske ”utanforskap” som muleggjorde den norske strategien.”



Styret i Tromsø Nei til EU: Postgiro: 0533 1008275.

Anna M. Flåm, leiar. Øvre Markv. 23, 9011 Tromsø, tlf.95285951,p/ 77755700,jobb; Anna.Margrete.Flam.@buk.unn.no

Torstein Engelskjøn, sekr., Granittvn.3, 9022 Krokelvdalen, tlf.77645759, jobb; 77632637,p; torstne@imv.uit.no

Paul Pedersen, kasserar, Karl Hallsv. 2a, 9007 Tromsø, tlf.97650811; paul.pedersen@posten.no

Åshild Fause, materiellansvarleg, Hagavn. 29, 9009 Tromsø, tlf. l77637140,p/ 77660657,j ; ashild.fause@hitos.no

Loyd Villmo, W.C.vn. 19, 9014 Tromsø, tlf.776703370/ 97639046

Sofie Osland, Malmvn.94, 9022 Krokelvdalen, tlf.77644556,jobb/77676856/900980863,p; sofieo@sv.uit.no

Nei til EU: Arbedersamf. plass 1, 0181 Oslo, tlf.23354580/ fax 23354585. Konto:7874.42.00031; Nettstad: www,neitileu.no