Tromsø Nei til EU  
 

Medlemsskriv 3/2006 Tromsø, 28.12.06

Gode medlem i Tromsø Nei til EU og Ungdom mot EU Ved utgangen av året 2006 vil styret sende ut sitt siste medlemsskriv. Innhaldet er litt om aktiviteten i 2006, linjer for 2007, og innkalling til årsmøte, og ope møte, 15. januar.

Året som gjekk:

I året 2006 har det vore fleire, godt besøkte arrangement. Året har vore prega av eit framhald av Tromsø Nei til EUs profil gjennom dei seinare år, der hovedfokus har vore på forvalting av naturrressursar, og betydningen det har at landet ikkje er eller blir EU-medlem for å kunne styre rikdomen frå naturressursane på folkevalde og folketenlege måtar. Ikkje minst viktig i 2006 var møtet om kva konkret lovgjeving som sikrar slik styring. Her hadde me vitjing av den bolivianske juristen Carlos Romero, som sammen med den norske professoren i historie, Lars Thue, og leiar i Norges Kystfiskarlag, Paul Jensen, viste kor avgjerande nasjonal lovgjeving på dette området er for folks liv og velstand. Begge land er blant verdens rikaste på naturressursar. Men medan Norge har verdens rikaste befolking, er Bolivia blant dei fattigste. Innleiarane fortalde konkret kva lover og politiske vedtak som skaper slik forskjell. Romero sit i Bolivias kommisjon for å lage forslag til ny konstitusjon i landet. Møtet var opplysande og kontaktetablerande.

Viktig var også møtet om Norges forhold til det nye Europa, sett i forhold til regjeringas nylege Europamelding, Stortingsmelding nr. 23, "Om gjennomføring av Europapolitikken", som ein av Norges beste Europa-kjennarar, Jon Bingen, meiner byggjer på ei forelda forestilling om Europa. Innleiarane, Jon Bingen frå Norsk Institutt for Strategiske Studier, og Hallvard Tjelmeland, professor ved Universitetet i Tromsø, viste på kva måtar Norge - både notidig og historisk - er plassert i ein geopolitisk sammenheng der andre naboar enn dei på det europeiske kontinentet har vore og er sentral for Norge. Dei peikte på at slik vil det bli i framtid, serleg sett i forhold til Norge som kystnasjon og landets ansvar i Nord-områda, og sett i forhold til behovet for mellomstatleg samhandling om forvalting av ressursar i dette området.

Viktig var også Internasjonalt Seminar der me fekk besøk av Maria Walberg, leiar i Internasjonalt Utval i Nei til EU, som innleia til debatt om kvifor internasjonal solidaritet i dag treng andre grep enn EU. Til dette møtet var Grete Berget, generalsekretær i Europabevegelsen, invitert, men møtte ikkje.

Vidare har medlemar og styret produsert lesarinnlegg. Serleg har fokus vore på spørsmålet om den norske ordninga med "heimfallsrett" av vasskraft kan vedlikehaldast under EØS. Saka er førd inn til ESA-domstolen, og det knyter seg stor politisk spenning til korleis den raud-grøne regjeringa vil stille seg i framhald. Vidare har EUs såkalla "Tenestedirektiv" vore i fokus.

Året som kjem:

Det viktigste i 2007 blir EUs Tenestedirektiv. Nei til EU arbeider for å få regjering og Storting til å leggje ned veto. Innstilling frå regjeringas interdepartementale utval på saka er forventa framlagt sommaren 07. Nei til EU har store kampanjeplanar, og du finn meir om det på Nei til EUs heimeside, www.neitileu.no, og på Attacs heimeside www.stopptenestedirektivet.no. Der finst viktig stoff, som kan sjåast på av alle, både EU-motstandarar og EU-tilhengjarar. Sjå kronikk om saka på baksida her. Vidare vil spørsmålet om den norske heimfallsretten bli ei hovedsak for Norge og Nei til EU, samt oppfølging av Stortingsmeldinga om norsk Europapolitikk. Motmeldinga frå Nei til EU viser på ein klar måte kva Norges reservasjonsrett er, og peikar i detalj på korleis redselen for sanksjonar frå EU ved bruk av veto, synest betydeleg overdrivne. For komande vår vil me også vise til landskonferanse i Stavanger i mars, som er open og nyttig for alle. Sjå heimesida for meir info.

Med dette vil sitjande styre takke for seg. Avtroppande leiar vil serskilt takke varmt for all tillit som er vist meg gjennom no 6 år som leiar. Eg trur på levande demokrati, og på at sirkulasjon i leiande posisjonar er viktig for å fostre det. Velkomen til nytt styre!


ÅRSMØTE MÅNDAG 15. JANUAR, kl. 19:00 PÅ GRAND HOTELL:
Kl. 19:00: Ope møte: EUs tenestedirektiv: Kva meiner fagrørsla? Kvifor er motstand viktig og alliansar nødvendig? Innleiing til debatt v/Bjørn Willumsen, leiar i Fagforbundet i Tromsø. Kl. 20:30 (ca.): Vanlege årsmøtesaker. Det blir kaffi/te og noko å bite i.
VEL MØTT!



Godt nytt år.

Helsing for styret i Tromsø Nei til EU

Anna Margrete Flåm (leiar)

 

Styret i Tromsø Nei til EU:
Leiar: Anna Margrete Flåm, tlf.: 95 28 59 51; e-mail: Anna.Margrete.Flam@unn.no
Nestleiar: Åshild Fause, tlf. 776 37140/95785676; e-mail:. ashild.fause@hitos.no
Sekretær: Torstein Engelskjøn, tlf.: 776 45579; e-mail: Torstne@imv.uit.no
Kasserar: Paul Henry Pedersen; tlf. 91151649/776 83212; e-mail: paul.pedersen@samf.norut.no;
Iris Hemmingsen, tlf. 776 31 691/41611908. Vara: Yngve Bergheim, Jan Engen. Konto.nr.: 0533 1008275; Nei til EU: Arbeidersamfunnets plass1, 0180 Oslo, tlf. 23 35 45 80/fax:23 35 45 85; heimeside www.neitileu.no; kto: 78 74 42 00031. NETTSIDE I TROMS: www.neitileu.no/troms. Nei til EU-info, bestill hjå jan.terje.kristiansen@neitileu.no.