Tromsø Nei til EU  
 

ARBEIDSPLAN ÅR 2003/2004

Arbeidet i komande periode vil bli serleg prega av to forhold. Det eine er endringar innad i EU. Det andre gjeld Norge som nasjon.

Mål 1: Debatt om det nye EU.
Når det gjeld det første forholdet, nemleg endring som pågår innad i EU, er det forventa store endringar i og med forståande behandinga av EUs nye grunnlov, det såkalla Konventet. Vidare vil det bli reist mange nye spørsmål i samband med innlemming av 10 nye medlemstatar i EU gjennom aust-utvidinga. Dette er spørsmål som Tromsø Nei til EU må følgje med i, ta aktiv stilling til, og produsere kunnskaps og debatt-stoff om. Det vil kunne skje på mange måtar: Ved å følgje opp viktige arrangement frå andre, arrangere eigne konferansar, og produsere lesarinnlegg.

Mål 2: Debatt om betydningen av folkestyre.
Når det gjeld det andre forholdet, som gjeld Norge som nasjon, så vil valperioden bli prega av at vi nærmar oss året 2005 som vil bli ei stor markering av 100 års jubilèum for unionsoppløysinga med Sverige. Dette vil det bli naturleg å arbeide i retning av når det gjeld fokus og tiltak. Arbeidet mot EU gjeld arbeid for folkestyre. Det er ei klar oppgåve for vår organisasjon å engasjere seg for korleis folkestyre kan ivaretakast og vernast i vår tid. Det vil kunne gi rom for fleire typar aktivitetar, serleg kan ein rekne med at det vil omfatte planleggande aktivitet for kva ein tenkjer bør skje i året 2005 som kan tene formålet å belyse dei viktige spørsmål unionsoppløysinga i 1905 representerte. Det vil vere viktig å sjå det i samband med tilsvarande utfordringar landet står i i dag når det gjeld håndheving av sjølvstende, og politisk press for nye unionsoppbyggingar.

Mål 3: Langsiktig arbeid for å sikre eit Nei til EU-sterkt Storting 2005, herunder fokusere betydningen for Norge av nye EØS-direktiv, og alternativ til EØS.
I tillegg vil 2004 vere året før det foreståande stortingsval i 2005. Mykje tyder på at stortingsvalet 2005 vil bli eit EU-val, slik for eksempel både Aps statsministarkandidat, Jens Stoltenberg, og noverande statsaministar, Kjell Magne Bondevik, uttalar seg om EU- spørsmålet. Det blir viktig at Nei til EU arbeider for eit Nei-til-EU-sterkt Storting i 2005, og tar ekstra tak i løpet av 2004 med tanke på det. Nei til EU vil dessutan arbeide for at det blir fleirtal for å forhandle fram eit alternativ til EØS-avtalen. I 2001 lukkast me med å få eit stort nok antal EU-motstandarar inn på Stortinget. Det har hittil forhindra at Grunnlovs-endringar blei aktuelle, som kunne gjere det lettare for Norge å bli medlem av EU. Arbeidet må følgjast opp. Som del av dette må det følgjast opp med arbeid knytt til innføring av nye EØS-direktiv, for å auke EØS-motstanden i landet, og å bidra til debatt om alternativ til EØS-avtalen.

Nokre konkrete arbeidsområde:

Spesielle område:

  • Fokus på komande/serleg aktuelle EØS-direktiv ( patent på liv, anbodstvang på kollektivtrafikk, hamnedirektivet, om norske konsesjonslover og råderett over eigne naturressursar, differensiert arbeidsgivaravgift, el-avgifta, som truar den kraftkrevande industrien, heimfallsretten).
  • Arbeid for oppseiing av EØS-avtalen, belyse meir samla erfaring med avtalen, og alternative mulegheitar. Sjå dette i sammenheng med initiativ frå Nei til EU sentralt.
  • Stimulere til debatt om korleis folkestyre kan ivaretakast i vår tid.
  • Arbeide for å påvirke valprogramarbeidet og nominasjonsprosessen i forkant av stortingsvalet 2005.
  • Vise kor viktig internasjonal solidaritet er i arbeidet i Nei til EU.
  • Vise kor viktig arbeidet for miljøvern er i arbeidet i Nei til EU.
  • Fokus på endringar innad i EU og evt. betydning for norsk EU-debatt.
  • Søkje å inngå samarbeid med aktuelle organisasjonar i dette arbeidet.

Konkrete saker:

  • Arrangere ein større konferanse om aktuelt tema våren 2004.
  • Ta initiativ til samarrrangement om 10 års markering av 28.november 1994
  • Prioritere tema-arrangement som del av "Internasjonalt Seminar" vår og haust. ¢ Følgje opp pågåande medlemsverving.
  • Følgje opp innarbeidd rute med medlemsskriv.
  • Økonomi: Tiltak for å styrke lagets økonomi.
  • Legge vekt på å formulere aktuelle lesarinnlegg om EU/EØS-spørsmål, og å formidle dette til media.
  • Inngå i arrangement på serskilte merkedagar, som 8. mars og 1. mai, og utvikle kontaktane med fagrørsla.

Arbeidsplan vedteke på årsmøtet i Tromsø Nei til EU

Tromsø, 18.11.03

Anna Margrete Flåm
leiar