Tromsø Nei til EU  
 

ÅRSMELDING 2002/2003

Perioden 12.11. 2002 - 18.11.03

TILLITSVERV:

Styre:

Anna Margrete Flåm (leiar), Merethe Michelsen (nestleiar), Torstein Engelskjøn (sekr.),Roy Arne Henriksen (til januar 03), Margrete Sæther.

Vararepresentantar: Paul Pedersen (kasserar), Sofie Osland, Loyd Villmo

Valkomite: Ellen Østgård og May Liss Årøen

Revisor: Marlon Lunde

Styremøte:

Styret har hatt tretten styremøte i perioden.

REPRESENTASJON:

"Internasjonalt Seminar":
Styret har i perioden ikkje hatt representant i styringsgruppa for "Internasjonalt Seminar", men inngår som organisasjon i samarbeidet, og har hatt ansvar for to møte (sjå nedafor).

8. mars arrangement:
Sofie Osland har vore styrets representant.

Arrangement for 1. Mai:
Torstein Engelskjøn har formidla styrets parolar til 1. mai komitèen. Ein av fire hovedparolar frå 1. mai-komitèen i Tromsø var: "Nei til EU - Ut av EØS.".

Deltaking i Troms Nei til EU-arrangement.
Leiar har vore invitert til fylkeslagets styremøte, og har stilt med vararepresentant ved forhindring. Torstein Engelskjøn har møtte som vara.

Deltaking i sentrale Nei til EU-arrangement.
På landsmøtet i Nei til EU deltok leiar og Merethe Michelsen.

Deltaking i styre og råd:
Leiar har vore vararepresentant frå Troms Nei til EU i Rådet i Nei til EU, og deltatt på møta.

AKTIVITETAR:

Økonomi:

Laget har i denne perioden hatt bra økonomi, på linje med forrige år. Midlar frå Det Kgl. Utenriksdepartement, kr. 20.000,- vart tildelt etter serskilt søknad for mars-konferanse, og kr. 45.000.- for april-konferanse i samarrangement med Troms Nei til EU.

Medlemsskriv:

Styret har- på samme måte som i forrige periode- prioritert å sende ut medlemsskriv til alle medlemane. Innhaldet har vore arbeidsplan, halvårsplan, oversyn over program/arrangement, kommentar til aktuell politisk situasjon om EU/EØS-spørsmålet, og aktuell informasjon om Nei til EU. Samla er det sendt ut tre medlemsskriv, etter samme lest som for dei tre forutgåande valperiodane.

Medlemsverving:

Styret har -i samarbeid med Troms Nei til EU- drive medlemsverving etter samme retningslinjer som året før. Dette blei prioritert for å forsterke organisasjonens økonomi, og det har resultert i kraftig medlemsauke. Medlemstalet i Tromsø har endra seg slik: 1998: 226; 1999: 249; 2000: 247; 2001: 245 betalande/286 registrerte;2002: 246 betalande/286 registerte (pr. 05. nov.); 2003: 282 betalande, og 332 registerte (pr. 17.10.03)

Arrangement:

Styret bestemde å ikkje ha opne tema-møte som kveldsarrangement i denne perioden, men å samle seg om nokre større initiativ.

Aktiviteten i laget har utfrå det vore konsentrert på tre område:

Valavis.

Den største innsatsen i denne valperioden har vore utgiing av valavis opp mot kommune- og fylkestingsval. Dette skjedde som ei klar oppfølging av mål pålagt styret frå årsmøtet 2002 om å prioritere aktivitet omkring lokalvalet i den hensikt å belyse betydningen av EU og EØS for lokalt og regionalt sjølvstende og styring.

I avisa vart alle førstekandidatar for Tromsø kommuneval og Troms fylkestingsval spurt om å svare på tre spørsmål:1) Meiner du Norge bør melde seg inn i EU, 2) meiner du Norge bør sei opp EØS-avtalen, og 3) til spørsmål 2), gi ei kort grunngjeving. Alle kandidatane svara, nokre etter purring. Kun fylkesordførar og førstekandidat for Senterpartiet svara ikkje. Dette vekte ekstra debatt i avisa Nordlys framfor valget, med fleire lesarinnlegg for å utfordre til svar.

Avisa inneheldt også godt journalistisk stoff med oppdatering om EU og EØS-avtalen, skrive av eigne medlemar og to inviterte medlemar frå styret i Nei til EU, Svein Johansen og Olav Boye.

Målsettinga med avisa var å vise og å vekke debatt om at folkevaldes meining om EU og EØS-spørsmålet er viktig for lokale og regionale forhold.

Avisa vart produsert i 25.000 eksemplar. Den vart delt ut til alle husstandar i Tromsø kommune, og brukt på interesserte partis valstands i Tromsø by, samt kunngjort over Nei til EUs nettsider, samt kunngjort gjennom pressemeldingar til alle aviser i fylket, og utdelt til Rådet og styret i Nei til EU sentralt.

Medlemsnettet i laget vart mobilisert. Og det vart lagt ned eit enormt arbeid av svært mange for å dele ut avisa over alt. Alle avisene, unntatt nokre få hundre, vart delt ut. Styret har grovt rekna at det medførde arbeid i 100 % stilling i 1 veke frå styret i tillegg til sjølve utdelinga og i tillegg til skriving av innlegg.

Mange medlemar og ikkje-medlemar ga attendemelding om at avisa vart høgt verdsett, hadde god lay-out, og ga inspirasjon.

Kostnader var kr. 27.942,90. Tilskot blei vart etter søknad gitt frå Nei til EUs Råd og frå Troms Nei til EU.

Dagskonferansar:

Ein annan hovedaktivitetet i laget i perioden var konsentrert om to større konferansar:

15. mars 2003: Inspirasjon og kunnskapskonferanse om det nye EU og EØS, med fokus på kvinner og unge.

Det var innleiing ved Gunnhild Johansen ( nestleiar i Norsk Kommuneforbund) over tema "Nytt frå Brussel om velferd og faglege rettar", innleiingar av Eivind Fosse frå Europeisk Ungdom, og Bjørn Egil Johansen frå Ungdom mot EU, samt frå Ågot Valle (leiar i Kvinneutvalet i NtEU) over tema "Det nye EU: Kvinner og EU: Demokrati, velferd og likestilling. Det var innleiing ved Helga Anette Melhus over tema "EU-kunnskap er makt: Kva treng vi å vite? Og korleis går vi fram for å få vite og diskutere det som er viktig for oss?". Maria Lyngstad snakka frå Ungdom mot EU over tema "EU-standpunkt i dag blant unge- kunnksap og organisering". Og Line Steinnes og Merethe Michelsen innleia frå Ungdom mot EU over tema "Kva skal til for å bygge kunnskapsnettverk blant unge i EU-spørsmålet?"

Arrangementet skjedde på Grand Hotell i Tromsø, og inkluderte lunsj som marknadsplass for nettverking, kunnskapsutveksling og samtalar.

Målet var å reise debatt og å diskutere utfrå følgande fire utfordrande utsagn: "No blir EUs framtid diskutert. EUs framtidsutval planlegg korleis EUs nye grunnlov skal sjå ut, men ikkje om dei skal ha ei grunnlov. Utvalget blir leda av mannlege topppolitikarar med gjennomsnittleg alder på 64,5 år. Kor er ungdomen? Kor er kvinnene?

No blir Norges forhold til EU diskutert. Det blir diskutert korleis EØS-avtalen skal bli, og kva Norge skal betale for å handle med 10 nye søkjarland i aust. Kor er EUs bidrag? Kor blir alternativ til EØS diskutert?

No blir EUs "sosiale dimensjon" diskutert med inkludering av aust-europeiske land, og bistand til dei. Kor skjer diskusjon om direkte yting til aust-Europa utanom EU-systemet?

No blir verdensfredens behov for alternativ til USA diskutert. Om EU trengst som stormakt mot USAs angrepsplanar mot Irak. Kor skjer diskusjonen om behov for alliansefrie land?

Dette er spørsmål som kan bringe folk inn i "tenkeboksen" omkring Norges forhold til EU. Vi lurer på kva som gjeld, og kva som er best."

Konferansens mål var å oppdatere, inspirere og bygge kunnskapsnettverk med utgangspunkt i desse utsagna og innleiingane.

Konferansen vart dekka av avisa Nordlys. Arrangementet var etter søknad økonomisk støtta av Utenriksdepartementet. På konferansen deltok ca. 35 deltakarar, og debatten var livleg.

26. og 27. april: Nord-Norge-konferanse: "Fra EØS til frihandelsavtale? Nord-Norge-høyring om EU, EØS eller frihandelsavtale.

Konferansen var eit samarrangement med Troms Nei til EU. Konferansen hadde mange innleiarar: Arne Pedersen (fungerande fylkesordførar i Finnmark) over tema: "Nord-Norges behov som ressursregion i forhold til EU og EØS"; Asle Toje (forskar ved Utenrikspolitisk Institutt): EU- med fokus på dei store utviklingsprosessane Unionen står oppe i- austutvidinga og konventet; Debatt mellom leiar for Europabevegelsen, Wenche Fossen, og Nei til EU leiar, Sigbjørn Gjelsvik; Fleire innleiarar, Svein Johansen (fiskar og styremedlem i Nei til EU) og Bjørn Mathisen, leiar for Troms Bondelag, over tema "Nord-norske stemmer om EØS-avtalen"; Asle Toje om " Kva er alternativa til EØS-avtalen?", og Thomas Vermes (journalist i Nationen) om "Sveits og dei sju frihandelsavtalane: Ferske inntrykk frå eit annaleisland"; og Nils Aarsæther (professor i samfunnsplanlegging, UiTø) om " Distriktspolitiske verkemiddel i Nord-Norge sett i forhold til EU sine verkemiddel i Nord-Sverige og Nord-Finland".

Tromsø Nei til EUs opprinnelege plan var å arrangere dagskonferanse med reint fokus på EØS-avtalen. Dette fordi EØS-avtalen var gjenstand for nye forhandlingar som var forventa ferdigstilt i slutten av mars månad, med tanke på blest om avtale-resultat, og debatt om alternativ. Troms Nei til EU ønska ein konferanse i slutten av april med vidare fokus opp mot EUs nye endringar. For å unngå overbelasting av arrangementet, og for å oppnå ei nyttig samkøyring, vart konferansen arrangert slik som nemnt.

Konferansen vart arrangert på SAS-hotellet i Tromsø. Etter søknad hadde vi fått økonomisk tilskot frå Utenriksdepartementet. På konferansen deltok ca. 60 deltakarar, og det var livleg debatt. Konferansen vart dekka i avisa Nordlys.

Internasjonalt Seminar

Tromsø Nei til EU har i denne valperioden lukkast med å få ansvar for to kveldar med Internasjonalt Seminar, eit i vårhalvåret og eit i haust.

13. mars 2003: Kåre Willoch (tidl. statsminister, Høgre-leiar og fylkesmann) og Stein Ørnhøi (tidl. SV-leiar og leiar i NtEU) innleia til debatt over tema: "Norges forhold til USA og EU: Nye grunnar for norsk EU-medlemskap?" Kvelden vekte stor interesse, ca. 300 frammøtte, og vekte livleg debatt, og vart dekka i avisa Nordlys.

2. oktober 2003: Svein Roald Hansen (leiar i Europabevegelsen) og Olav Boye (sekretær i Norsk Grafisk Forbund og styremedlem i NtEU sentralt) innleia til debatt over tema "Det nye EU og Internasjonal Solidaritet". Arrangementet var Tromsø Nei til EU sitt bidrag i storarrangementet "Verden i Tromsø - Tromsø i Verden", og var av den grunn ekstra godt annonsert. På grunn av arrangementskollisjon var oppmøte ikkje så stort som forventa, men frammøte var bra, og debatten ivrig.

Pressearbeid.

Det har i perioden vore lagt vekt på å skrive lesarinnlegg frå styret, og oppmode andre også til det. Vi har hatt nytte av stoff frå Nei til EU sentralt. Vår sekretær har distribuert innlegg over eit større avisnett, og det har også i år vore mange tilbakemeldingar, også utafor eige distrikt, om at dette blir verdsett.

Utover dette har me gitt økonomisk prioritet til å annonsere våre arrangement i lokalpressa.

Stand.

Styret har prioritert dette slik: Som del av markeringa ved 8. mars arrangement, på 1. mai, og på begge dagskonferansane.

Årsmelding vedteke på årsmøtet i Tromsø Nei til EU.

Tromsø, 18.11.03

Anna Margrete Flåm
leiar