Leserbrev

 

Tilbake


Sørreisa, 5. januar 2008

Stortingspolitikarar mot folkeopinionen !
Av Olav Flaate, Sørreisa

Stortingspolitikarar mot folkeopinionen ! I to folkerøystingar, i 1972 og i 1994, har det norske folk sagt Nei til å bli medlem av EU. § 93 i Grunnlova, slik denne paragrafen no ligg føre, skal gjera det vanskelegast mogeleg å overføre noko av sjølvråderetten vår til ein internasjonal samanslutning som Noreg har slutta seg til, eller tenkjer å slutta seg til.

I dag må ¾ av stortingsrepresentantane stemma for ei eventuell grunnlovsendring om Noreg skal kunna overføra norsk suverenitet til andre. Tidlegare leiar for Ja til EU rørsla Inge Lønning har no saman med Julie Christiansen fremja eit forslag om å endre § 93 i Grunnlova, slik at det skal bli lettare for stortingspolitikarane å gi frå seg norsk suverenitet til andre. Frå ¾ fleirtal skal det i samband med dette forslaget berre vera nødvendig med 2/3 fleirtal for å gi frå seg eit "stykkje Noreg! Eller melde Noreg inn i EU.

Arrogansen frå folkevalde på stortinget ovanfor norske borgarar, velgjarar og folkeopinion er skræmande! Er det nokon som lurer på kvifor det er mange som ikkje deltar i politiske val? Torsdag 10. januar skal stortinget handsame forslaget til endring av § 93 i grunnlova. Skal den norske nasjonalforsamlinga då ta fyrste steget til eit eventuelt EU medlemsskap trass i to folkerøystingar med Nei fleirtal? Det norske folk har hatt mange nok negative konsekvensar av EØS-avtalen.

Dei folkevalde på stortinget burde heller bruke tid og energi på å ta attende den råderetten Noreg har gitt frå seg ved denne handelsavtalen med EU. Noreg har ein annan handelsavtale med EU som ikkje er sagt opp av nokon av partane. Det er gode mogelegheiter til å oppdatere denne avtalen til anno 2008 med framtidsvisjonar og framtidsperspektiv for eit godt samkvem både på dei politiske, økonomiske og kulturelle områda.