Leserbrev

 

Tilbake


Stopp tenestedirektivet -
bruk reservasjonsretten!

Av Olav Flaate, Sørreisa Nei til EU

Den 15. november 2006 vedtok EU-parlamentet tenestedirektivet. Storting og regjering har fått dette til handsaming, og Noreg har ei frist på 3 år til enten å baka dette direktivet inn i det norske lovverket eller å reservere seg mot det / forkaste det. Regjeringa, ved Nærings og Handelsminister Dag Terje Andersen, sendte den 22. desember 2006 forslaget om tenestedirektivet ut på høyring med frist 22. februar 2007. Spørsmålet mange stiller seg no er kvifor det skal væra nødvendig med ein slik kort høyringsfrist når svarfristen er tre år?

Dette direktivet er omfattande og kan innehalde formuleringar som kan få store konsekvensar for den velferdsmodellen norske, sjølvstendige og suverene politikarar litt etter litt har bygd opp i dette landet. Men kvifor vil EU ha eit tenestedirektiv og kva er det? EU si målsetjing er å skape den mest konkurransedyktige økonomien i verda. Føremålet med tenestedirektivet er å auka konkurransen innan tenestesektoren. Tempoet i arbeidslivet skal gå fortare, arbeidstakarane skal utnyttast meir intenst medan arbeidsvilkåra vert dårlegare.

Korleis er dette mogeleg? Direktivet vil truleg føra til at utanlandske tenesteytarar kjem inn i det norske arbeislivet der det ikkje er tariffavtalar. Det er allereie mange døme på at mange utanlandske arbeidstakarar har fått langt mindre løn enn norske kollegaer og samstundes hatt svært kummerlege bustadtilhøve. Det er dette som er sosial dumping.

Dei utanlandske arbeidstakarane er velkomne til Noreg. Det er stort behov for arbeidskraft innan fleire yrkesgrupper. Men dei skal ha same løns- og arbeidsvilkår som norske arbeidstakarar. Kven skal kontrollere dette innanfor eit system der alt flyt? Der mykje er uoversikteleg, der stadig meir av verdiskapinga går i lomma til dei rike?

Direktivet vil i tillegg auka faren for privatisering av offentleg sektor - både innan utdaningssektoren og helse - og sosialsektoren. Her må varslingssignala setjast på for full styrke. Det er nemleg offentleg sektor, samvirkeinnsatsen, dugnadsinnsatsen til norske kvinner og menn gjennom skatt til fellesskapet sitt beste, som har bygt opp eit helsevesen og eit skulevesen mange land ute i den store verda ser på som eksemplariske. Ein sterk offentleg sektor har vore lokomotivet, drivkrafta bak den samfunnsmodellen, den velferdsmodellen som me har, og må vernast som eit barn ein er glad i. EU sitt tenestedirektiv er eit trugsmål mot offentleg sektor og eit godt velferdstilbod for alle.

EU si privatiseringstankegong vil auka forteneste og luksus for bedriftseigarar og kapitaleigarar. Dei vil skumma fløyten av produksjonsoverskotet. Tilsette ved den tyske bilprodusenten VW må allereie arbeide fleire timar ekstra pr. veke og samstundes få mindre i inntekt. Hausten 1992 vedtok Stortinget EØS-avtalen. I denne avtalen, som regulerer Noreg sitt samarbeid med EU/EØS landa på ei rekkje felt, vert det preisisert at Noreg kan reservere seg frå å innlemme EU-direktiv i det norske lovverket.

Gro Harlem Brundtland, ei ihuga talskvinne for EØS-avtalen, sa i 1992 blant anna .."vi vil være rede til å bruke den retten (reservasjonsretten) avtalen gir oss, til å motsette oss at forslaget blir til felles EØS-regel, dersom vi finner det nødvendig". Ho sa vidare at AP ville bruke reservasjonsretten mot oljedirektivet og direktivet om sosial dumping. Fram til i dag er reservasjonsretten ikkje nytta sjølv om mange parti på Stortinget har krevd dette. Det gjeld til dømes: Oljedirektivet, direktiv om plantevernmidlar med giftstoff, direktiv om tilsetjingsstoff i matvarer, tilsetjingsstoff i barnemat for å nemne nokre.

Me har eit velferdssystem i Noreg som er til det beste for fellesskapet. Mest dagleg opplever me trugsmål om privatisering av offentlege tenester. Og no er tenestedirektivet frå EU ute til høyring i Noreg. Me kan ikkje skusle bort den gode velferdsmodellen me har i Noreg. Difor må me stoppe tenestedirektivet og Regjering og Storting må reservere seg mot å innlemma dette i det norske lovverket.