Leserbrev

 

Tilbake


Sørreisa, 10. desember 2010

Stans EU sitt postdirektiv !!!
Av Olav Flaate, Sørreisa.

Det har lenge vore eit solid fleirtal av norske borgarar som seier Nei til eit EU-medlemsskap. Det kan tyde på at fleire og fleire vert klar over filosofien bak denne unionen av europeiske statar.

Fri flyt av kapital, arbeidskraft, varer og tenester skal gi høge fortenester til ei lita gruppe finansfyrstar / kapitalistar. "The Round Table of European Industrialists", ein organisasjon nettopp av slike finansfolk i Europa har lagt mange av premissane for utviklinga av EU. For desse personane er offentleg styring og tilrettelegging for utvikling av trygge velferdstilbod for "vanlege" kvinner og menn eit fyord.

På same måten er fagforeiningane, som arbeider for trygge, løns- og arbeidsvilkår for arbeidstakarane, eit "hår i suppa" for desse menneska, og for byråkratane i Brüssel. Distriktspolitikk, velferdspolitikk og trygge løns- og arbeidsvilkår tyder ikkje så mykje for dette styringssjiktet i Europa. For dei er det fri flyt, liberalisering og nedbygging av offentleg sektor som er satsingsområde.

På den måten skal dei nå målet om å skape den sterkaste kunnskapsbaserte økonomien i verda. Men kva er meininga med dette når stadig fleire i EU/EØS-området på eit eller anna vis opplever at ting vert dårlegare, at dei vert meir utrygge?

Postdirektivet er med på å fremje politikken til EU!! Ved å innføre dette direktivet vil det bli slutt med einheitsportoen, det at det kostar det same om ein sender eit brev frå Tromsø til Sørreisa eller til Kristiansand. Det vert og usikkert om det vert dagleg postutsending; kanskje berre tre postombæringar i veka.

Det vert både dyrare og dårlegare posttenester for folk og næringsliv i distrikts-Noreg! Meir enn 230 ordførarar i dette landet står bak eit opprop til den norske regjeringa om å avvise dette direktivet, og nytte seg av den reservasjonsretten som EØS-avtalen gir høve til.

No er det på høg tid at både statsminiser Jens Stoltenberg og utanriksminister Jonas Gahr Støre lyttar til det norske folk og tar konsekvensen av dette. Det må igjen bli ei regjering av folket som arbeider for folket - og ikkje for ein økonomisk maktelite.