Leserbrev

 

Tilbake


Sørreisa, 23. januar 2002

Sponheim og den distriktsfientlege regjeringa
Av Olav Flaate – Sørreisa Nei til EU

Regjeringspartia er i ferd med å tilpasse Norge til EU – landa på område etter område.

Det er slutt med transportstønad , det er slutt med at staten overfører resursar til kommunale næringsfond.

Kommunar skal gjennom reduserte løyvingar frå staten tvingast til å slå seg saman. Infrastrukturelle servicetilbod vert tatt bort frå distrikta og sentraliserte til regionsentra.

Folk i distrikta må oftare og oftare ta bilen for å få utført einskilde offentlege og private tenester . Dette gjer det meir og meir tungvindt å bu i distrikta og stimulerer til fråflytting.

Det nye utspelet frå regjeringa i distriktsnedbyggjinga kjem frå Landbruksminister Lars Sponheim , som seier at gardar som driftar med 14 mjølkekyr er for små til å vera rekningssvarande !

Dette kjem frå ein statsråd frå eit politisk parti som kom under sperregrensa ved stortingsvalet hausten 2001, og teoretisk sett ikkje har folket si tillit. Han av alle skal rasere den jordbrukskulturen som er etablert i distrikts Norge der ei driftsform tufta på kombinasjonsbruk er det vanlege.

11000 mjølkebønder, eller 55 prosent av alle 20 378 mjølkebøndene som dreiv mjølkeproduksjon ved årsskiftet i år 2000 har 14 mjølkekyr eller ferre !

Me ynskjer ein variert næringstruktur i bygde – Norge og me vil sjølve gi ramene for distriktsutviklinga i landet vårt – Dei skal ikkje fastsetjast i Brüssel !