Leserbrev

 

Tilbake


Tromsø, 8. januar 2003.

”På markedsliberalismens grunn”
AV Nils Aarsæther og Eli Berg, Troms Nei til EU

”Et nytt Europa er skapt – på markedsliberalismens grunn”. Dette var orda til Danmarks statsminister då han avslutta EU-toppmøtet i København i desember. Dei ti søkarlanda blir invitert til å delta i ein union som legg kapitalen sin frihet til grunn for måten samfunnet skal innrettast på.

At stemninga skulle bli meir positiv til EU i Norge er kanskje litt overraskande. Alle strir i dag med ein markedsbestemt strømpris, og mange har fått føle kva det vil seie å ha ei markedsbestemt rente på studielånet. Høgrepartia pressar på for å få større delar av offentleg sektor over i privat drift. Dette er nettopp slike ting som eit EU-medlemskap vil gi oss meir av.

Visst bør vi vise solidaritet med dei nye demokratia i Aust-Europa. Men det kan vi utmerka godt gjere utan å gi avkall på demokratiet og råderetten over norske naturressursar. Mykje tyder på at støttetiltak i norsk regi vil fungere betre enn dei støtteordningane som går gjennom Bryssel-byråkratiet.  Sjå berre på resultata av EU si regionalstøtte til Sverige og Finland: Både Sverige og Finland har opplevd meir avfolking og arbeidsløyse i nord etter at dei blei med i EU.

Men for den norske eliten i avisredaksjonar og embetsverket er det ikkje kjensgjerningar som tel. Drivkrafta er snarare den grusomme følelsen av å ha blitt svikta av folket, ikkje berre ein gang, men to gonger, i sitt strev med å få Norge inn i den Europeiske Unionen.