Leserbrev

 

Tilbake


Sørreisa, 14. mars 2011

Overvaking av Kari og Ola Nordmann
Av Olav Flaate, Sørreisa.

EU - den Europeiske Unionen styrer Noreg meir og meir gjennom alle dei direktiva/diktata som Unionen vedtar for å knyte både unionen og EØS-landa tettare saman. Denne gongen gjeld det det mykje omtala Datalagringsdirektivet som Stortinget skal ta stilling til i begynnelsen av april 2011. EU vil overvaka alle folk si bruk av telekommunikasjon; telefon, bruk av e-post, kven du ringer til, kven du mottar e-post frå, kven du sender e-post til. All denne informasjonen skal i samsvar med direktivet lagrast frå 6 månader til 2 år!

Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenberg kjenner godt til at det har vore eit fleirtal blant norske kvinner og menn mot eit EU-medlemskap i seks år! Likevel agerer dei, to av dei fremste folkevalde i dette landet, som om Noreg allereie er medlem av EU. Dette er både ei skremande og fåretruande haldning av folkevalde vis a vis oss som har valt dei til å vera våre representantar. Dei prioriterer byråkratane i Brüssel framføre å vera gode tillitsmenn for det norske folk. Når det gjeld overvaking, er det jo det norske folket som skal overvaka dei folkevalde og ikkje omvendt!

"Demokratiet i EU" er mykje tufta på lobbyverksemd frå den såkalla eliten i multinasjonale storkonsern. Dei driv ei kreftsvulstliknande edderkoppsverksemd i Brüssel og har langt på veg lukkast med å gjera EU-byråkratane til sine embetsmenn. Men me kan ikkje tillate at nokon norsk politikar er med på å skusle bort DEMOKRATIET! Dette må me kjempe for kvar dag, og for den norske velferdsmodellen.

Verda opplever i dag millionar av menneske i Afrika som kjemper for demokrati og meir velferd for folk flest. Skal Noreg, som har mogelegheiter til å leggje ned veto mot DTL, lojalt godta alt som kjem frå EU?

Denne Unionen har berre ei målsetjing; å skape den mest kunnskapsbaserte økonomien i verda. Korleis folk har det i denne Unionen er mindre viktig, for dei som dreg i taumane høyrer til dei som er på solsida i samfunnet og tener mange gonger så mykje som vanlege folk. Difor ivrar dei, dei rike, og for å byggje ned offentleg sektor, redusere lønningar og utbetalingar til pensjonar.

Dersom folkemassane i Europa, som må ta dei tunge økonomiske løfta for å få unionen på fote igjen etter det økonomiske samanbrotet, gjer opprør - DÅ er kanskje eit datalagringsdirektiv ein nyttig reiskap for den styrande eliten for å slå ned eit eventuelt opprør mot den "demokratiske" undertrykkinga.

Jens Stoltenberg,Jonas Gahr Støre og Erna Solberg og alle andre stortings- og regjeringsmedlemmer - No må de vise kven de representerer - storkapitalen i Europa og her heime eller folket. For vegen frå DEMOKRATI til DIKTATUR er ikkje lang.