Leserbrev

 

Tilbake


Sørreisa, 29.11.2002

Noreg ut av EØS!
Av Olav Flaate, Sørreisa Nei til EU

Det er på høg tid at Noreg melder seg ut av EØS. Dette er det etter artikkel 127 i avtalen fullt mogeleg å gjera. Der heiter det: ”Hver avtalepart kan trekke seg fra denne avtale ved å gi minst tolv måneders skriftlig varsel til de andre avtaleparter.” Noreg er betre tent med å utvikle samarbeidet med EU gjennom den  handelsavtalen landet hadde med EU frå 1973. Denne avtalen er til no ikkje blitt oppheva og seier mellom anna at det skal vera full tollfridom begge vegar.

EØS – avtalen har fleire negative verknader for landet vårt gjennom ei rekkje EU – direktiv. Desse direktiva er no i ferd med å bryte ned den samfunnsstrukturen det var tverrpolitisk semje om å utvikle i Noreg etter 1945. Då skulle by og land, hand i hand, med ein sterk offentleg sektor tilretteleggje og gi premissar for ein god skule, gode helsetenester og gode kommunikasjonar same kvar ein budde i landet.

EU ynskjer at marknaden og private verksemder skal styre utviklinga av velferdstenester til innbyggjarane. Det same ser det ut til at den sitjande regjeringa i Noreg ynskjer. Krf., Høgre og Venstre prioriterer skattelette framfor gode offentlege skule, helse, omsorgs- og kulturtilbod!

Mange i Nei til EU rørsla kalla frå fyrste stund EØS – avtalen for ein husmannskontrakt. Den tvinger norske politikarar og det norske folket til å stå med (nisse) hua i handa, bukka og godta alt som kjem frå Brüssel - samstundes som Noreg i dag betaler om lag 1 mrd. kroner i medlemsskap pluss 170 millionar kroner for å vera med i ei rekkje EU – program!

Mange etablerte politikarar og næringslivstoppar har forherrlega EØS – avtalen. Dei har vore så ofte i media og hjernevaska det norske folket på ein slik måte at det for mange er blitt sant: EØS – avtalen må vera der. Det har ikkje vore nokon diskusjon om alternativ måte å regulere samhandel og samkvem med EU på sidan 1992 då EØS – avtalen vart vedtatt av Stortinget.

Det norske folket fekk ikkje sagt si meining om denne omfattande avtalen i det heile tatt! Difor er det gledeleg når leiaren for næringskommitèen og tidlegare olje og energiminister for AP, Olav Akselsen no seier at EØS – avtalen er ein husmannskontrakt som kostar meir enn han smakar – det same som Nei til EU har sagt heile tida.

EU – kommisjonen forelsår no – i samband med at talet på medlemsland skal aukast – at Noreg og dei andre EFTA – landa skal vera med å betale for dette. Noreg har fått krav om å betale 5 – 6 milliarder kroner årleg!!

Samstundes må Noreg godta:

  • å oppheve ordninga med lågare arbeidsgivaravgift for å stimulere arbeidslivet i distrikta
  • å oppheve ordninga med heimfallsrett til kraftanlegg (det vil sei den ordninga med at når konsejonstida for kraftanlegg går ut, skal eigarskapet gå til den norske staten – vasskraft er ein naturressurs som høyrer til fellesskapet)
  • at det offentlege, kommunar,fylkeskom. og staten må sende ut på anbod større innkjøp, og større investeringar i heile EØS – området
  • eit gassdirektiv som kan føra til eit tap på 9 milliarder kroner i året for Norge
  • eit direktiv om tilsetjingsstoff i matvarer som aukar faren for kreft
  • barnematdirektiv som kan føra til nyreskader hjå nyfødde born
  • at Noreg ikkje kan innføra strengare varekrav enn EU

Nye direktiv

Kvar dag kjem det nye direktiv – mange vert haldne hemmelege for det norske folket – som dikterer oss å godta lover som går på tvers av det mange norske politikarar meiner må til for å utvikle og vidareutvikle velferdsstaten Noreg.

Kvar vert det av Demokratiet?

Stortingspolitikarane vert stadig oftare gjort til statistar i arbeidet med å gi økonomiske rammer for utviklinga av landet. Me kan ikkje overlate til EU og marknadskreftene å styre ei utvikling som har ei målsetjing: Profitt.

Me må sjølve ta den reelle styringa over dette viktige arbeidet og sei opp EØS – avtalen.