Leserbrev

 

Tilbake


Tromsø, 20.12.1999

Norge — småstat eller delstat?
Av Nils Aarsæther Troms Nei til EU

Som ein såpeopera rullar ja-til EU-kampanjen vidare i våre toneangivande riksmedia. Ikkje berre er det utåleleg for Norge å stå utanfor, no er det blitt farleg også. EU byggjer opp eit militært samarbeid, og Norge er ikkje med! Ingen snakkar om noko militært trugsmål verken mot Norge eller EU-landa. Likevel oppstår det stemningar i norske avisredaksjonar som kan minne om den kalde krigen.

Aust-Europa på rask marsj?
Og så er det Aust-Europa som er på rask marsj inn i Unionen. At denne lynmarsjen no har pågått i snart ti år, og visstnok skal vare i ca ti år til, hindrar ikkje at den har like stor nyhetsverdi og framstår som raskare og raskare kvar gong EU-toppane let seg avbilde samla foran eit pressekorps som beint fram osar av beundring for desse handlingens menn. Ein uvanleg god illustrasjon på denne journalistikken såg vi i den 11. desember i Dagbladets oppslag over to sider: «Lille Norge nesten alene utenfor». Masse grafikk understøtta bildet av det isolerte og utrygge Norge. Og journalist Kristian Skard ordlegg seg med ein sterk kombinasjon av skråsikkerhet og ønsketenking: «EUs utvidelse setter nå fart i medlemskapsdiskusjonen i Norge».

Så gjekk det gale
Men så gjekk det så gale som det kunne gå. For nederst på sida, langt under krigstypar, hyllest og forventning, står meldinga «Flere sier nei til EU». Arne Finborud legg fram informasjon frå siste meiningsmåling om EU, rett nok utan støtte av grafikk og tabell, men med den saklege og (i forhold til reportasjen over) drepande kommentaren «EU-motstanderne er igjen på offensiven...» Kva er det som har skjedd? Jo, vi har truleg to verdenar, to typar virkeligheit i EU-debatten, og begge trenger seg på samtidig. Lat oss kalle den eine for folkeleg virkeligheit. Den handlar i dag om matsminke-direktiva, der EU gjennom EØS vil påtvinge norske styresmakter og forbrukarar tilsettingsstoff i maten som frå fagleg hald er funne helseskadelege. Det går ein rivande debatt om bruk av vetoretten som regjeringa kan bruke mot direktiva, og ein debatt om Bondevik-regjeringa sin truverdigheit. Denne debatten er Nei-sida i ferd med å vinne; derfor er det forståeleg når Arne Finborud refererer at EU-motstandarane er på offensiven. Debatt gir seg gjerne utslag i meiningsdanning.

Ber på ei tung bør
Men så har vi den verden som norsk UD, diplomatiet, ja-politikarar og -redaktørar befinn seg i. Det er ikkje lett å finne eit namn på den, for det er ein verden der aktørane svevar i eit slør av uvirkeligheit, høgt heva over den folkeleg-politiske meiningsdanninga. «Englane» våre – Jagland, Vollebæk, Petersen, VG, Dagbladet og NRK – finn seg vel til rette i dette himmelkoret, men dei ber på ei tung bør: Dei har til oppgåve å representere og informere Nei-landet sitt folk, samtidig som dei skal opptre som bejaande møte- og middagspartnarar i Brussel, i Helsinki og snart i Lisboa. Med det psykiske presset som UD, ja-partia og avisene sine folk på denne måten lever under, er det ikkje rart at vi her nede tidvis må ta til takke med både tungetale og skrift i sand...

Nekta å ta inn over seg
I over ti år – fem år før, og fem år etter folkerøstinga i 1994 – har toneangivande mediefolk og byråkratar nekta å ta inn over seg den EU- og EØS-dagsorden som folk flest i Norge befinn seg i. Som lesarar og publikum blir vi forsøkt pressa inn i ei tankerekke lik den som har utvikla seg i vårt diplomati, som ser EU som den høgste form for sivilisasjon, men som skyt uendeleg langt over målet dersom meininga er å få folk flest i tale. Dette kjem til å fortsette. Det vil sikkert ta meir enn fem eller ti år før den første diplomaten eller UD-sjefen skjønar at Norge faktisk må styrast og representerast som ein småstat, og ikkje som ein delstat i EU.