Leserbrev

 

Tilbake


Tromsø, 22.06.2004

Nei-sida sitt alternativ
Av Nils Aarsæther og Eli Berg, Troms Nei til EU

Geir Ove Ystmark, generalsekretær i den NHO-finansierte organsiasjonen "Kysten inn i EU" etterlyser Nei-sidas alternativ når det gjelder norsk fiskeeksport. Generelt kan vi opplyse at Nei-sida er klar over at både fiskeindustrien og havbruksnæringa kan ha fordelar av EØS-avtala, ettersom den inneber reduserte tollsatsar.

Når Nei til EU er imot norsk EU-medlemskap og vil erstatte EØS-avtalen med ein balansert frihandelsavtale med EU, er det etter ei heilskapleg vurdering. Vi meiner EØS-avtala går altfor langt i underlegge Norge EU sitt regelverk på ei rekke samfunnsområde. Dette regelverket hindrar for eksempel i dag norske folkevalgte organ i å føre ein treffsikker regionalpolitikk. Dersom bortfall av EØS-avtala vil føre til auka vanskar for fiskeindustrien og havbruksnæringa, må dette sjølsagt bli fullt ut kompensert av den norske stat.

Meiningane om EØS og om fiskeri- og havbrukspolitikken er delte på Nei-sida. Nei til EU er ikkje eit politisk parti, men ein organisasjon som samlar folk frå ei rekkje ulike yrker og politiske retningar om eit enkelt felles mål: Det skal vere opp til det norske folket å bestemme korleis landet skal styrast. Med eit medlemskap i EU mister vi store delar av denne retten. At vi ved eit medlemskap vil få litt innflytelse på EU (kanskje 2 % av stemmane) ser vi ikkje som noko godt alternativ.

Den nye EU-grunnlova slår fast at fiskeripolitikken skal vere eit felles ansvar på EU-nivå. Kyststatane må derfor underordne seg Bryssel i fiskeripolitikken. Kva dette betyr for økonomi, forvaltning og ressursvern langs kysten skjønner dei fleste, og Nei til EU i Troms får stadig fleire betalande medlemmer. På den andre sida konstaterer vi at Ystmark og Rindestu fortsetter sin kampanje for å få 2 % innflytelse i Unionen - iallfall så lenge NHO-pengane strekk til.