Leserbrev

 

Tilbake


Sørreisa, 17. november 2008

Nei til EU og tenestedirektivet
Av Olav Flaate, Sørreisa Nei til EU

Nei til EU er ein livskraftig organisasjon med om lag 29000 medlemmer. Organisasjonen har som målsetjing at Noreg ikkje skal bli medlem av EU. Vidare arbeider organisasjonen for demokratiet og for eit arbeidsliv regulert av arbeidsmiljølov, og løns- og arbeidsvilkår som ellers er framforhandla for arbeidstakarar i dette landet. Noreg har akseptert EØS avtalen og må difor ta stilling til lovar/reglar – såkalla direktiv som er vedtatt i EU og som medlemslanda (helst) skal godta.

Alle direktiv skal stø opp om fri flyt av varer – tenester – arbeidskraft og kapital innan EØS – området. Statlege kontrollmekanismar vert litt etter litt reduserte og dei frie marknadskreftene styrer utviklinga. Marknaden skal sjølv ordne opp i EU som i USA utan omsyn til om det gagnar folk flest. Det er denne marknadstankegangen som og ligg til grunn når EU vil innføre det såkalla tenestedirektivet.

Det offentlege tenestetilbodet skal reduserast medan privat tenesteyting skal overta. Noreg skal i næraste framtid ta stilling til om landet skal implementere dette direktivet i det norske lovverket. Det blir eit stort paradoks i desse finanskrisetider dersom Noreg seier ja til tenestedirektivet. Leiande politikarar og økonomar verda over står no fram og seier at staten må lovregulere/styre mykje meir av den økonomiske aktiviteten som går føre seg både nasjonalt og globalt.

Grådigheita hjå den einskilde entreprenøren enten det er innan industri eller service næring har til tider vore så stor at omsynet til dei som står for verdiskapinga (arbeidarane)har kome i siste rekkje. HMT – Helse , miljø og tryggleiks føresegnene ”har ikkje eksistert”.Ein stor prosent av dei som har skada seg i norske verksemder, særleg i byggebransjen,har vore utlendingar.

Tenestedirektivet tar sikte på å privatisere/ konkurranseutsetje delar av offentleg sektor. Å privatisere offentleg tenesteyting innan elektrisitetsforsyning, skule – helse – vatn og avløp , vil bli å spela russisk rullett med basistenester som me alle er avhengige av. Marknaden har no styrta verda ut i ei global krise. Det er på tide at Jonas Gahr Støre , resten av høgrefolket og NHO får eit anna perspektiv på den globale utviklinga i verda enn dei har i dag. Tenestedirektivet vil berre føre til meir flyt av arbeidstakarar som vert handsama som annan rangs borgarar.

Nei til EU ynskjer at staten set strenge styrings og ramevilkår for finansieringsinstitusjonar, handelsverksemder og andre økonomisk verksemder. Ei styrking av offentleg sektor vil kunne hindre den galskapen av opsjonar og lønsutbetalingar i million klassen.

Den frie flyten av kapital , arbeidskraft ,varer og tenester som er sjølve drivkrafta bak EU sitt mål om å bli den mest konkurransedyktige kunnskapsbaserte økonomien i verda er derimot ei stimulering av dei globale kreftene som har ført til at den vanlege mann og kvinne verda over må ta støyten fordi grådige business folk og politikarar berre har sett på sin eigen navle. Regjeringa må snart akseptere at det er fullt legalt å reservere seg mot eit EU direktiv utan at dette får konsekvensar for EØS avtalen.