Leserbrev

 

Tilbake


Sørreisa, 23. mai 2012

Nasjonaldagen, Grunnlova og demokratiet
Av Olav Flaate, Sørreisa Nei til EU

Den 17. mai feira me nasjonaldagen vår - den dagen i 1814 då Noreg og me fekk vår eiga grunnlov - ei lov som ga oss mogelegheitene til sjølve å bestemma korleis me ville ha utviklinga i dette landet. Med allmenn stemmerett for menn over 25 år i 1898 og for kvinner i 1913 var me som nasjon i ferd med å byggje opp det som skulle bli eitt av dei fremste demokratia i verda. Talefridom og trykkefridom under ansvar er i den samanhang grunnleggjande verdiar.

Retten til arbeid og eit trygt og godt arbeidsmiljø vart kjempa fram av framsynte fagforeiningar i drøftingar med NHO og staten. Dette trepartssamarbeidet var unikt og har gjort sitt til å tryggje både lønsinntekter og gode arbeidsvilkår for folk flest.

Alt dette er det god grunn til å feire på nasjonaldagen vår. Desse verdiane vart og lyfta fram i mange av talane til ære for "Bursdagsbarnet". Med dette folkelege engasjementet for demokrati og sjølvråderett i botn har difor fleirtalet av norske kvinner røysta NEI til å bli medlem av EU i 1972 og i 1994. Likevel strøymer det på med lovar og føresegner frå EU som Noreg implementerer i det norske lovverket! Den suvereniteten, den Grunnlova og det demokratiet me nett har feira synest å forvitre litt om senn.

EØS-avtalen mellom Noreg og EU bestemmer meir og meir korleis me skal styre dette landet, noko som set heile nasjonaldagen, Grunnlova og demokratibygging i eit underleg ljos. Idéen med heile EU-prosjektet er å byggje opp ei økonomisk stormakt, og finanseliten i Europa, gjennom ERT - The Round Table of Industrialists, var tungt på banen då rammeverket for EU vart laga. Difor skal det vera fri flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft mellom medlemslanda.

Klokeleg nok fokuserer dei ulike EU-institusjonane på EU som eit fredsprosjekt. Alle ynskjer me fred og fredeleg samkvem mellom folk i ulike land, men når kynisk økonomisk politikk fører til det me er vitne til i dag i Hellas, Spania, Portugal, Irland og Italia er fredssprosjektet eit spél for folk i Europa.

EU-prosjektet, slik det var tenkt, var genialt for finanseliten i Europa. Grådigheita, med lovar og direktiv som skulle sikre maksimal profitt, har nær eit samanbrot. Demokratisk innsyn og kontroll er mangelvare - kvifor? I retoriske ordelag vert det snakka så fint om demokrati og folkeleg deltaking. Det heile virkar som eit stort hykleri der demokratiske institujonar er skifta ut med IMF, EU og Den europeiske sentralbanken. Etter at Noreg inngjekk EØS-avtalen med EU er landet vårt dratt inn i dette profittmaksimeringsprosjektet.

Distriktspolitikk, bruk av naturressursar, krav om anbod ved offentlege investeringar og byggeoppdrag over ein viss økonomisk storleik. Alt dette er snart heilt og fullt kontollert og bestemt gjennom den dynamiske EØS-avtalen. Ei offentleg utgreiing om konsekvensane av denne avtalen slår fast at det er mange uheldige sider ved avtalen. Men trass i ei rekkje dokumentasjonar frå ulike hald om dei faktiske tilhøva pluss ein alternativ rapport om EØS, gjer ikkje Støre eller Stoltenberg nokon ting for å få attende noko av sjølvråderetten! Det er synd når sentrale politikarar i dette landet, gjennom det å halda fast på EØS-avtalen, underminerer det me nett har feira på nasjonaldagen vår.

Det er inga skam å snu. Det er inga skam i å få ein annan modell for samarbeidet mellom EU og Noreg. Noreg er på mange områder eit fytårn for land i resten av verda. Dette er det ingen grunn til å slå seg på brystet for. Me har mykje større grunn til å væra audmjuke over at genersjonar føre oss har gitt oss dette samfunnet. Me som lever i dag har ansvar for å overlevera til neste generasjon eit samfunn som er minst like godt som det me har i dag. Då treng me meir DEMOKRATI, meir SJØLVRÅDERETT, meir LIKHEIT - ikkje mindre slik EØS-avtalen legg opp til.