Leserbrev

 

Tilbake


Meir demokrati - og EØS?
Av Olav Flaate, Sørreisa Nei til EU

I kjølvatnet av den tragiske og ufattelege hendinga på Utøya i sumar var det mange, både sentrale politikarar, lokale politikarar, unge og gamle som tok til ordet for meir demokrati, meir folkestyre. Det er jo me, norske statsborgarar, som skal styre i dette landet.

Det er me som skal avgjera kva slag tryggleik , kva slag velferdssystem, kva slag arbeidsmiljø, kva slag skule og infrastruktur me skal ha i Noreg. Det er det norske Stortinget, dei norske folkevalde, som skal vedta lovene, spelereglane, for næringsliv, handel og ellers lovar og reglar for kva me alle har å retta oss etter for å få til eit best mogeleg land å bu i for oss alle.

Det er og Stortinget som vedtar storleiken av skattar og avgifter for å finansiere alle fellesgodene me alle nyt godt av på ein eller annan måte: Helsevesen, skule, veg og kommunikasjonssystem,trygde og omsorgsordningar, system for å gi omsorg og hjelp til dei som av ein eller annan grunn ikkje heilt meistrar livet på eiga hand.

I eit demokrati er dette ein sjølvsagt ting. Det er difor eit stort paradoks at mest ingen av dei sentrale politikarane, same kva parti det gjeld, ekspertane på demokrati, ikkje har kommentert EØS-avtalen Noreg har med EU.

EØS-avtalen kneblar eksisterande næringsliv både nasjonalt og lokalt. Direktiva frå EU haglar nedover oss som råtne egg. Råtne fordi dei er med på å bryte ned eit opparbeidd velferdssystem, bryte ned eit velfungerande arbeidsliv der stat, arbeidsgivar og fagforeiningar saman skapar gode løns- og arbeidsvilkår, og set forbod mot å subsidiere nasjonale og lokale verksemder fordi dei er viktige for landet.

EU har ei målsetjing: Å bli den mest konkurransedyktige kunnskapsbaserte økonomien i verda. (Det ser ikkje akkurat slik ut no i mange av EU-landa.) Fri flyt av varer og tenester, av arbeidskraft og kapital skulle sikre målsetjinga. Tryggheit, velferd og arbeid kjem i andre og tredje rekke!

Sjå til Spania der 40 prosent av ungdomen er utan arbeid! Der stat og kommunar må skjere ned offentlege budsjett, redusere dei pengesummane, som skal gi tryggheit, arbeid og velferd til folk flest, etter oppskrift frå IMF (det internasjonale pengefondet) og EU. Spanske ungdommar marsjerer i protest til Brüssel for å få slutt på denne galskapen.

Kvar er demokratiet? Kvar er solidariteten? Kvar er omsorg for kvarandre, kvar er realitetane bak alle dei fine orda frå norske politikarar og folk flest i Noreg? Nedskjering av offentlege budsjett skjer og i Hellas, i Portugal, i Irland, i Storbritannia! Kvifor fekk me ungdomsopprøret i Storbritannia tidlegare i sumar?

Tenk på dei direktiva Noreg, på grunn av EØS-avtalen, har måtta svelja for at EU skal tura fram etter same prinsipp som pengefondet IMF set som vilkår for at land skal få låne pengar.

  • Oljedirektivet
  • Gassdirektivet
  • Matsminkedirektivet
  • Tilsetjingsstoff i barnemat
  • Veterinærdirektivet
  • Anbod ved offentlege innkjøp og investeringar over ein viss storleik
  • Heimfallsrett for norske kraftverk
  • Forbod mot alkoholreklame (som no er truga)

Meir enn 8000 ulike direktiv, lover, er blitt innlemma i det norske lovverket! Kva gjer Stortinget?

Dette systemet dreier seg ikkje om demokrati - det er dikterte lovar og reglar som skal tilretteleggje for den politiske og næringslivs dominerande eliten i EU. Dersom sentrale politikarar, særleg innan Høgre og AP, meiner noko med å skape/ta vare på demokratiet, er det eit stort hykleri og det grensar mot demagogi dersom dei ikkje viser i praksis at dei gjer noko.

Sjølv om Nei til EU-rørsla har god oppslutning på meiningsmålingar, er det svært så viktig å bli medlem om ein ikkje allereie er det. Sist, men ikkje minst; bruk stemmeretten ved kommune- og fylkestingsvalet. Me er då alle med på å avgjere kva slag verdiar som er viktige og kva slag samfunn me vil ha.