Leserbrev

 

Tilbake


Sørreisa, 13. desember 2012

Medieverda og EØS
Av Olav Flaate, Sørreisa Nei til EU

Det er påfallande, litt rart når journalistar i ulike media; aviser, radio, tv, internett osv. gong på gong framheld at EØS-avtalen mellom Noreg og EU er så viktig for at Noreg skal få seld varer til EU.

Det er viktig å ha handelsavtalar med ulike land i verda, noko som gjer at alle partar veit kva vilkår som ligg til grunn for eit handelssamkvem. Dei same journalistane nemner ikkje dei uheldige verknadene EØS-avtalen har for den økonomiske, sosiale og velferdsmessige politikken Noreg er blitt æra for i store delar av verda. Til og med når det gjeld kommunepolitikk og distriktspolitikk regulerer EU/EØS-direktiv vilkåra for samfunnslivet!

Difor veit eg ikkje om eg skal le eller gråte når sjefsredaktøren i Troms Folkeblad på leiarplass den 5. desember 2012 skriv fylgjande: "EØS-avtalen sikrer Norge gode forbindelser med våre nærmeste økonomiske, politiske og kulturelle allierte. Avtalen sikrer at vi får delta i de fleste samarbeidsoråder, men avskjærer oss fra direkte politisk innflytelse".

Noreg har opp gjennom historia hatt eit nært samkvem med dei europeiske landa og EU. Sandra Borch, leiaren i Senterungdomen, viser i same utgåva av Troms Folkeblad til Frihandelsavtalen Noreg hadde hatt i 19 år med EU før regjeringa til Gro Harlem Brundtland inngjekk EØS- avtalen med EU for å leggja vilkåra til rette for eit norsk medlemskap i EU ved folkerøystinga i 1994.

Det er ein påstand at Noreg må ha EØS-avtalen for å ha eit gjensidig handels-, kultur- og politisk samarbeid med EU. Det finnest gode alternativ dersom Noreg seier opp EØS-avtalen. Eitt av dei er å pussa støvet av den gamle frihandelsavtalen.

Ulike media var nådelause ved folkerøystinga om EU-medlemskap. Dersom Noreg ikkje blei medlem, ville det få katastrofale verknader for norsk næringsliv og stigande arbeidsløyse. Kva er me vitne til i dag? Det er ein sosial, individuell og økonomisk tragedie. I dag blir me og tuta øyrene fulle av at me må ha EØS-avtalen for at det norske næringslivet skal fungere.

Tilhengjarane av EU/EØS kan samanliknast med det å leva saman med ein psykopat. I det offentlege rommet er han/ho imøtekomande, hjelpsam, underhaldande og tiltalande. På heimebane er han/ho eit troll utan empati og vilje til å helpe eller leggje til rette for at samlivet dei imellom (og i EU) skal bli best mogeleg. Likevel heng partnaren fast ved han (og EØS avtalen).