Leserbrev

 

Tilbake


Tromsø, 22. november 2002

Kan EU lage nye tollmurar?
Av Eli Berg og Nils Aarsæther, Troms Nei til EU

EU har varsla at det vil bli innført toll på norske fiskeprodukt til landa i Aust-Europa, den dagen desse landa går inn i EU. Men dette er, så vidt vi kan sjå,  i strid med WTO-reglane for internasjonal handel. Her er det slått fast  at det ikkje skal innførast nye eller høgare tollsatsar på handelen mellom land i framtida. Tollsatsane skal ned, eller heilt bort.

Når EU vil bryte dette prinsippet, bør Norge kreve kompensasjon for dei handelshindringane som nye tollsatsar vil skape. For eksempel kunne Norge svare med å fjerne vår støtte til EU sin regionalpolitikk, om EU innfører nye handelshindringar.

Men slik er det ikkje. EU-kommisjonen snur saka opp-ned og  krev kompensasjon fra Norge om vi fortsatt skal ha frihandel med dei nye EU-landa i Aust-Europa. EU-kommisjonen har kome med eit utspel om at Norge skal betale ei årleg avgift  på 4-5  milliardar kroner. Dette er stormaktarroganse på sitt verste.

Når EU-kommisjonen kan kome med eit slikt utspel, er det i vissheit om at den norske JA-sida, anført av Torbjørn Jagland, har eit sterkt ønske om at folk i Norge skal oppleve problem med å stå utanfor EU. Det kan nesten virke som eit bestillingsverk: EU-kommisjonen kjem med eit heilt bort-i-natta-krav, og lederen av Stortingets utanrikskomite uttalar at det er uhaldbart å stå utanfor EU.

Men det er eit høgt spel som den norske JA-sida i praksis inviterer EU-kommisjonen med på. Fallhøgda har vist seg å vere stor – også for EU-kommisjonen. Det heilt urimelege i  at Norge skal betale store summar, når EU på tvers av internasjonale reglar legg ny toll på handelen med fisk, er heldigvis oppfatta av EU sitt ministerråd. Ministerrådet har gitt EU-kommisjonen   beskjed om å trekke milliardkravet til Norge, og det vil bli forhandlingar mellom EU og Norge om fiskeeksporten, med eit meir balansert utgangspunkt. I desse forhandlingane bør Norge minne EU om WTO-regelen om at det ikkje skal innførast nye tollmurar mellom land.