Leserbrev

 

Tilbake


Sørreisa, 09. desember 2009

Jubileum for folkestyre
Av Olav Flaate, Sørreisa Nei til EU

Den største folkerørsla i Europa, som kjempar for folkestyre, universell velferd, internasjonal solidaritet og miljø, Nei til EU, feira 15 års jubileum den 28.november 2009. Då var det femten år sidan fleirtalet av det norske folket røysta Nei til å bli medlem av EU.

For andre gongen sa fleirtalet av norske kvinner og menn Nei til å gi frå seg sjølvråderetten både her heime og i internasjonale fora. Mange av oss har framleis omrøystinga om Lisboatraktaten i Irland i minne. Der tok heller ikkje den såkalla politiske eliten eit Nei frå fyrste avrøystinga om EU si grunnlov for eit Nei. Etter ein massiv ja-kampanje frå Brüssel gjekk det der frå Nei til Ja.

På jubileumsdagen for det norske Neiet var det påfallande mange unge menneske, medlemmer av Ungdom mot EU, Natur og ungdom og andre som ga uttrykk for global solidaritet,for rettferd og deling av godene blant folk i heile verda.

Ja-sida i Noreg er opptatt av at landet vårt ikkje er innanfor den Europeiske unionen, ein union som lovpriser marknadskreftene og set grenser for offentleg styring av samfunnsutviklinga. Dei brennande engasjerte ungdommane var ikkje berre opptatt av folkestyre og sjølvråderett i Noreg, men haldninga deira var like sterkt gjeldande for land i Afrika, i Asia og i Sør-Amerika, ja for alle folk i alle land i heile verda.

Det er snevert og korttenkt å arbeide for å vera innanfor EU og kritisere det å stå utanfor EU,slik JA til EU gjer det når ein kan vera innanfor det globale fellesskapet. Å arbeide for å redusere dei multinasjonale konserna si makt i høve til styresmakter i mange land, er mykje, mykje viktigare enn å arbeide for at EU skal få den mest konkurransedyktige økonomien i verda.

Den egoistiske økonomioppbyggingai EU er mest like kynisk som den dei multinasjonale selskapa står for. Dette kjem til dømes tydeleg fram i EU sin handelspolitikk ovanfor afrikanske land. EU går imot at utviklingsland skal ha vernetoll på jordbruksvarer og industrivarer for at dei slik kan byggje opp sitt eige næringsliv. Dette får særleg katastrofale fylgjer for jordbruket og matvareproduksjonen i afrikanske land.

Resultatet er at "billege" jordbruksvarer frå EU-landa ofte utkonkurrerer den lokal produserte maten i desse landa. Dermed må mange bønder forlate den grøderike jorda si for i mange tilfelle å bli arbeidslause i byane. I land, der tusenvis av menneske døyr kvar dag av mangel på mat, er det viktig at dei vert sjølvberga med matvarer og får høve til å byggje opp kunnskapar om ein bærekraftig matvareproduksjon.

Femten år etter sigeren i 1994 som følest meir verdfull enn ein olympisk siger er Nei til EU framleis like stolt over å arbeide for folkestyre og internasjonal solidaritet og det å vera innanfor i globale samfunnet. Sjølv om Nei til EU allereie er den største folkerørsla i Europa, kan ho aldri bli for stor, for det vil alltid væra viktig å verna om folkestyre, friheit og sjølvråderett. Dette må ein kjempa for kvar dag. Du kan og som deltakar i den rørsla bli med i denne kampen.