Leserbrev

 

Tilbake


Sørreisa, 18. november 2011

Jordskjelv i EU!
Av Olav Flaate, Sørreisa Nei til EU

Forståsegpåarar hevdar at Hellas er bankerott om kort tid dersom landet ikkje får økonomisk hjelp. Det har allereie vore fleire krisemøter i Brüssel om situasjonen i dette EU-landet.

Særleg har det vore intens aktivitet etter at statsminister Papandreo kunngjorde ei mogeleg folkerøysting om kriselån frå EU og IMF med tilhøyrande vilkår. Dette, i høgste grad, demokratiske tiltaket i ei svært vanskeleg sak skapte panikk ikkje berre i EU, men i heile den vestlege verda.

Den vestlege finanseliten i tillegg til den såkalla politiske eliten i EU fekk seg ein durabeleg trøkk. Panikken vart så stor, særleg i Brüssel, at dei fråsegnene som etter kvart kom derifrå, førde til mange politiske spenningar i Hellas. Spenningane vart så store at dei kunne ha ført til eit politisk kaos ved sida av det økonomiske.

Det kyniske maktspelet til EU for å redde Euroen er eit overgrep mot det greske folket. Kva skjer med sjølvråderetten, sjølvkjensla, stoltheita til eit folk som til dei grader vert valsa ned på ein slik måte av ein elite som ser prestisjeprosjektet sitt trua?

Då Brüssel, sterkt representert av Big Business, logrande inviterte dei europeiske landa til å bli medlem av unionen, burde dei ha gode kunnskapar om næringsliv, arbeidsliv med løner og velferdsordningar i dei ulike landa. Likevel, trass i dei store ulikskapane, tok dei steget med å inkludera dei som medlem - med lovnader om "gull og grøne skogar".

Brüssel kjende godt til korrupsjonen i det politiske Hellas. Dei gjekk inn i dette "vepsebolet" med opne augo! Å tilfredsstilla den kapitalistiske eliten i Europa var viktigare enn å kartleggje konsekvensane av "byggverket" sitt. Difor fekk me og fri flyt av kapital, arbeidskraft, varer og tenester - dei fire fridomane - og med minst mogeleg kontroll. Finans og kapitalisteliten må tene pengar for ein kvar pris!

Spania, Portugal, Italia, Irland er andre land som har store utfordringar når det gjeld å syta for at vanlege folk - dei som skapte og skaper verdiane i samfunnet - skal ha arbeid, og offentlege tenester som tek omsyn til alle. I Spania er 40% av ungdomen utan arbeid og både den generelle arbeidsløysa og arbeidsløysa blant ungdom er høg i mange EU land.

Dette systemet forsvarer både statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Jonas Gahr Støre - begge opplærde av Gro Harlem Brundtland og arkitekten til EØS-avtalen - alle tre for solidaritet og samhald - men med kven? Støre går, etter fråsegn til avisa Klassekampen, så langt at han vil at Brüssel skal gripe enno meir inn i suvereniteten, sjølvråderetten til medlemslanda i EU.

Kva tid kjem "Stormen mot Brüssel" ?