Leserbrev

 

Tilbake


Sørreisa, 03. november 2012

Jaglandpris er blitt Nobels fredspris
Av Olav Flaate, Sørreisa Nei til EU

Mange liter vatn har allereie runne ut i havet sidan den norske Nobelkomitéen kunngjorde at EU skulle tildelast Nobels fredspris for år 2012. Kommentarane til valet av den "verdige" mottakaren lot ikkje vente på seg. Då Torbjørn Jagland i si tid foreslo EU som kandidat til å få denne respekterte prisen, trudde underteikna at det berre var ein av dei mange kortslutningane hans. Det gjekk fort opp for meg at denne gongen hadde han fått med seg heile kommitéen til å gå inn for EU!

Eliteskjiktet innan det norske AP, med Stoltenberg, Støre, Barth-Eide og Helga Pedersen var raskt ute med å ynskja til lykke med kandidatvalet. Det same var JA-rørsla her i landet. Den sjuande mor i huset, Gro Harlem Brundtland, legg framleis ei kald hand over det som skal vera offisiell EU-politikk i Arbeidarpartiet. Kva anna er vel dette enn ein lite folkeleg maktdemonstrasjon?

Me må ikkje gløyme den overordna målsetjinga til EU: "Å skape den mest konkurransedyktige kunnskapsbaserte økonomien i verda". Her er mennesket eit middel til å nå dette målet. Å skape gode livsvilkår for det einskilde mennesket, den einskilde borgaren i EU er eit ikkje-tema i EU-samanhang.

EU, med den politikken unionen fører, gjer livsvilkåra vanskelegare for store menneskegrupper i unionen og særleg for ungdomen. EU spyr milliardar av euro inn i bankane medan offentleg tilsette og ulike slag pensjonistar får redusert utbetalingane sine.

Det har ikkje vore krig med bomber, kuler og mange drepne i Europa sidan den andre verdskrigen - men kva er krig ? Kva er fred? Nobelkommitéen med herrane Jagland og Lundestad gir æra for freden i Europa til EU istadenfor til NATO.

Dei ungdomane som er ute av arbeidsmarknaden er rett nok i live, men den kyniske måten som EU driv dei inn i desperasjon på, må karakteriserast som unik både i europeisk og global samanhang. Ikkje berre skaper EU grobotn for sosiale demonstrasjonar med vald og drap, men EU si storsatsing på bankar og finansinstitusjonar istadenfor å leggje til rette for arbeidsplassar og kjøpekraft blant folk flest, kan på sikt føre til krig med skarpe våpen. Denne unionen er funne verdig til å få Nobels fredspris!

Dette er ei hån mot stiftaren av prisen og alle dei, som med fare for sitt eige liv, har kjempa for freden i verda. Verda er større enn EU. Men der og, særleg i afrikanske land, gjer EU det vanskeleg for folk. Der tvinger EU landa til å ha låge tollsatsar på importvarer. Noko som resulterer i billige varer frå EU, slik at dei landa det gjeld ikkje får høve til utvikle sin eigen industri, sitt eige jordbruk og skape sine eigne arbeidsplassar. Denne unionen har fått Nobels Fredspris!

Har mennesket inga verdi i seg sjølv lenger? Er det berre når mennesket vert brukt som eit middel til å nå målet om "den mest konkurransedyktige kunnskapsbaserte økonomien i verda" at det skal verdsetjast av den prisvinnande Unionen?