Leserbrev

 

Tilbake


Sørreisa, 27. november 2007

Gledeleg auke i medlemstalet i Nei til EU
Av Olav Flaate, Sørreisa Nei til EU

Det er gledeleg å registrere at stadig fleire ser fordelen av å vera medlem av Nei til EU. Dei siste vekene er det kome heile tre tusen nye medlemmer til organisasjonen ! Det er ikkje verst i ei tid då mange organisasjonar og politiske parti har problem med å halda på medlemmene sine.

Det er nok ulike årsaker til at folk flokkar seg til Nei til EU - men eitt er sikkert: Nei til EU kjemper for folkestyre, for solidaritet, sjølvråderett, miljø og handlefridom.

EU si målsetjing er å skape den mest kunnskapsbaserte og konkurransedyktige økonomien i verda. For å oppnå dette er grunnprinsippet for unionen fri flyt av arbeidskraft, kapital, varer og tenester. Offentleg sektor skal redusere kostnadene sine til offentlege tenester, (tenester for fellesskapet - skule , helse) slik at private verksemder skal kunna overta.

Av den grunn er tenestedirektivet frå EU no ute på høyring i EØS-landa og både Fellesforbundet og Nei til EU ber regjeringa å leggje ned veto mot dette direktivet.

Medan EU arbeider for meir og meir makt til marknadskreftene, multinasjonale storkonsern, arbeider Nei til EU for å styrke folkestyret og fellesskapet.

Lovgivarane i EU er ikkje folkevalde og når mange av vedtaksprosessane er hemmelege, er dette ein stor fare for framtida for demokratiet som styreform.

Me registrerer jo alle at EU direktiv haglar ned over Noreg. Desse har til no mest automatisk blitt innlemma i det norske lovverket sjølv om desse lovene snur opp ned på den måten me organiserer arbeidsliv og velferdsorndingar i landet vårt på.

Dette skjer fordi Noreg har slutta seg til EØS-avtalen og som EØS-medlem må me innlemma alle direktiv frå EU i det norske lovverket. Rett nok har Noreg lov til å leggje ned veto mot direktiv frå EU, men det er til no ikkje blitt gjort! Noreg har vore så "flink" til å innlemma nye EU direktiv inn i dei norske lovene at Noreg er blitt meir og meir EU-likt.

Dette heng ikkje på greip i eit land der folket to gonger - i 1972 og i 1994 har røysta Nei til eit EU medlemskap! No er nok nok. Nei til EU arbeider no for å få fram ei offentleg utgreiing om EØS-avtalen sine fordelar og ulemper, slik at me alle svart på kvitt kan sjå kva slag husmannskontrakt EØS-avtalen eigentleg er.

Samstundes vil Nei til EU greie ut om ein alternativ handelsavtale til EØS-avtalen, slik at me kan få ein avtale som gjer at me blir herrar i eige hus igjen utan direktiv frå Brüssel. Og jo fleire medlemmer me er, dess sterkare vil me vera.