Leserbrev

 

Tilbake


Tromsø, 12. januar 2005

Galt om fiskeria og EU
Av Anna Margrete Flåm, leiar i Tromsø Nei til

Det pågår ein debatt i Norge om betydningen av evt. medlemskap i EU for norske fiskeriinteresser. Geir Ove Ystmark, inntil nyleg generalsekretær for organisasjonen "Kysten inn i EU, deltar ved fleire anledningar i norsk presse i denne debatten.

Ystmark opererer med fleire hattar. Han figurerer dels som stortingskandidat for Venstre, dels som direktør i Fiskeoppdretternes forbund, og dels som generalsekretær for "Kysten inn i EU" - ein organisasjon med ei håndfull personar frå fiskerinæring og kystkommunar, som er oppretta for å gi inntrykk av at kysten er på veg frå nei til ja til EU.

Uansett kva slags hatt Ystmark tar på, vil det vere ein fordel for dei organisasjonane han skal representere, og for folkeopplysinga, at han viser noko meir ryddigheit og etterretteleghet enn det som kjem fram i hans innlegg.

Fakta
Som arrangør av konferansar han refererer til, påkviler det Tromsø Nei til EU eit ansvar for å gjere rede for fakta som der blei presentert, der Ystmark sjølv ikkje deltok, men som han i sine innlegg driv feilinformasjon frå.

På Tromsø Nei til EUs konferanse i Tromsø i oktober, om nord-altlantiske kystnasjonar og fiskeria i EU, deltok Paulo Casaca, som er medlem frå Portugal og Azorene i fiskerikomitèen i EUs Europaparlament. Han fortalde om undergraving av lokale reguleringsordningar.

Han viste til at Azorene har klart å utvikle ei berekraftig forvalting for "Orange Roughy" ein lengelevande djupvatnsfisk som finst i mange havområde, og som er trua av overfiske. Fiskarar og fiskeriforskarar på denne øygruppa har klart å utvikle ei berekraftig forvaltingsordning for denne fisken.

Frå august 2004 vart denne lokale ordninga imidlertid oppheva av EU og erstatta av EUs felles fiskeripolitikk. Dette vil, i følge Casaca, føre til at EU-trålarar vil desimere bestanden av Orange Roughy på Azorene, slik internasjonale trålarar har desimert denne bestanden elles i verdenshava.

Fiskeripolitikk
Ystmark har påtatt seg den vanskelege oppgåva å gi inntrykk av at EU fører ein berekraftig fiskeripolitikk; han seier at EU fører ein meir berekraftig fiskeripolitikk no enn tidlegare. "Kysten inn i EU" meiner at Norge bør gå inn i unionen for å støtte denne politikken. Ystmark og "Kysten inn i EU" synest å vere dei eineste som meiner at EU står for ei berekraftig fiskeriforvalting.

Det skulle no vere allment kjent at EUs fiskeripolitkk er svært dårleg, og av mange blir betegna som ein vedvarende katastrofe - for fiskebestandane, for fiskarane og for EU-landas kystsamfunn. Det blir i denne sammenhengen vist til ofte ukontrollert overfiske, og til aksept av utkast av uønska fisk. Til for høge totalkvotar etter årlege bikkjeslagsmål mellom EUs fiskerinasjonar. Og til ein felles fiskeripolitikk, inkludert kvotehopping, som fortrengjer lokale fiskarar frå eigne fiskeriområde, og som undergrev regionale og nasjonale forvaltingsordningar.

Når Kommisjonen i EU prøver å føre ein meir berekraftig fiskeripolitikk, kolliderer dette med dei enkelte fiskerinasjonars ønske om høgst muleg kvote for sitt land. I denne prosessen skvisest totalkvota oppover - med nedfiska bestandar som resultat.

Fiskeriforhandlingar
Seinast blei den manglande mulegheiten for å sikre ei berekraftig fiskeriforvalting i EU demonstrert under unionens fiskeriforhandlingar like før jul. EUs eigen fiskerikommisær forsøkte da å innføre strenge restriksjonar for fangst på den sterkt trua nordsjøtorsken, men dette blei stoppa av dei store fiskerinasjonane i EU. Det skal fiskast som før.

Men framlegget om å auke fangsten på nordsjøtorsken blei likevel stoppa, bl.a. av Norge. Som sjølvstendig sterk fiskerinasjon, også med medansvar for nordsjøtorsken, kunne Norge gjennom forhandlingane, i motsetting til det Ystmark påstår, på denne måten ha innflytelse over beskatningen av denne trua torskestamma. Og med det bidra til ei meir forsvarleg fiskeriforvalting i EU. Samtidig som Norge beheld råderetten over eigne fiskeressursar.

Feilinformasjon
Ystmark brukar mykje plass på å forsøke å vri uttalelsar frå Ditte Staun frå den danske Folkebevægelsen mot EU og frå Mike Park, leiaren for det største fiskarlaget for kvitfisk i Skottland, som også var gjester på Tromsø Nei til EUs konferansar i haust. Ystmark prøver å få det til å sjå ut som dei er tilhengarar av overfiske. Dette finst det ikkje grunnlag for.

På konferansane advarde begge Norge mot å bli EU-medlem fordi Norge då vil miste råderett over eigne fiskeressursar, og må underleggast EUs uforsvarlege fiskeriregime. Dei viste til at EUs felles fiskeripolitikk legg forvaltingsmyndigheiten for alle nasjonale fiskebestandar til Brussel, og at dette prinsippet er foreslått grunnlovfesta i utkastet til EU-forfatning.

Ditte Staun har også vist til at det er vekst i enkelte fiskebestandar - ikkje torsk - i danske farvatn, og ho meiner at hardt pressa danske fiskarar bør få fangste noko meir på desse bestandane. Mens Mike Park berre har peikt på at britiske fiskarar blir fortrengt av serleg spanske fiskarar, som fiskar på oppkjøpte britiske kvotar som dei har fått tilgang til etter EUs tillating til kvotehopping mellom landa. Det er for å unngå dette, og for å berge dei britiske fiskebestandane, at Park vil ha Storbritannia ut av den felles fiskeripolitikken i EU.

Det er feilinformasjon når Ystmark på dette grunnlaget prøver å få det til at Staun og Park er motstandarar av ein berekraftig fiskeripolitikk. Det er oppsiktsvekkande at han held fram å hevde at EU driv ei forsvarleg fiskeriforvalting, som Norge må inn i unionen for å vere med å påvirke/støtte. Serleg alvorleg er det at Ystmark gjentatte gonger kjem med usanne skuldingar mot den skotske fiskarlagsformannen.

Det påkviler difor Tromsø Nei til EU, som vertskap for Staun og Parks besøk i Norge, å sei frå om at deira bodskap var at Norge må hjelpe til å sikre berekraftig fiskeriforvalting, og deira ønske var at Norge, for å kunne gjere det, må fortsette å halde seg utafor EU. For som Ditte Staun sa på konferansen 27. november: "Det betyr uendeleg mykje for oss alle at Norge viser oss og verden at det finst alternativ til EU".

Det kan sjå ut til at Ystmark og "Kysten inn i EU" prøver seg på det velkjende utsagnet og framgangsmåten til ein avdød tyskar: Berre ei løgn blir gjentatt ofte nok, blir den til slutt ei sanning. Utsegnene frå Tromsø Nei til EUs gjester, det vere seg skotten, dansken eller portugiseren, gir ikke grunnlag for at Ystmarks feilinformasjon skal framstå som sanning.