Leserbrev

 

Tilbake


Sørreisa, 26. mai 2005

Frihandelsavtale med EU nå
Av Olav Flaate, Sørreisa

Noreg betaler kvart år 2.3 mrd. kroner for å oppretthalde EØS-avtalen med Brüssel og EU. Me skal med andre ord betale for at EU skal få lov til å koma med lover og direktiv som gjer norske lover ugyldige Den graderte arbeidsgivaravgifta som skulle stimulere til å skape arbeidsplassar i distrikta, den veterinære grensekontrollen av levande dyr og kjøtvarer, som skulle vera eit føre var tiltak for å hindre dyresjukdom og uønska smittestoff å koma inn i landet, vart oppheva av EU-regelverket

EØS krev og fri flyt av varer, tenester, arbeidskraft og kapital. For å få til fri flyt og fri konkurranse i EU har EU vedtatt felles konkurransereglar, felles reglar for offentleg næringsstønad og regionalpolitikk, felles miljø- og arbeidsmiljølovgiving og felles reglar for kvalitetskontroll av forbruksvarer. Dersom desse lovene er i strid med norske lover og føresegner, er det EU-lovene som gjeld. Dette kan me berre ikkje vera med å betala 2,3 mrd. årleg for at norske lover, vedtatt av norske folkevalde skal gjerast ugyldige.

Noreg hadde ein frihandelsavtale med EU frå 1973. Den vart oppretta etter at Noreg sa Nei til EU i 1972. Denne handelsavtalen med EU bestemte at norsk industri frå 1977 ikkje skulle ha toll på eksport til EU. Unntaka var innan næringsmiddelindustrien der det skulle vera toll på bearbeidde landbruksvarer og bearbeidde fiskeprodukt. Denne avtalen er ikkje sagt opp. EØS-avtalen kan me sei opp no og få oppheva om eitt år. Då kan me reforhandle frihandelsavtalen frå 1973 med EU – og igjen bli herrar i eige hus.