Leserbrev

 

Tilbake


Flyutdaninga på Bardufoss og EØS
Av Olav Flaate, Sørreisa Nei til EU

Mykje tid, og eit eksemplarisk godt arbeid er lagt ned både frå politisk hald og frå personal ved flygarskulen NAC på Bardufoss for å få til ei permanent flygarutdaning der. Spydspissane i dette arbeidet har heile landsdelen med seg for at dette skal bli røyndom. Stortinget løyvde 4,5 mill. kroner for å støtte opp om dette prosjektet. Viljen til å gjera noko var til stades.

I desse konkurransetider, der den eine sin død er den andre sitt brød, klagar ein annan flyskule, NEAR på Vigra, Stortinget si løyving inn for ESA - kontrollorganet som skal sjå til at EØS-regelverket vert etterlevd. NEAR ser på løyvinga som konkurransevridande. Frå ESA-hald vert det sagt at ei avklaring på denne klagen kan ta lang tid og såleis yttarlegare forverra situasjonen for NAC.

Dersom flygarutdaninga på Bardufoss vert lagt under Universitetet i Tromsø, vert det ein offentleg udaningsinstitusjon og dermed utanfor EØS-regelverket. Det må difor ikkje vera tvil om kva den raudgrøne regjeringa skal gjera. La flyutdaninga på Bardufoss bli ein del av universitetet i Tromsø. Men her ser me likevel nok eingong korleis EØS-avtalen kan gripa inn og setja kjeppar i hjulet for eit kjempeprosjekt i Noreg - eit prosjekt som er til gagn både for Nord-Noreg og for landet.

På ein måte er det no litt komisk når Viggo Fossum (Ap) , som har gjort ein kjempejobb for NAC, og Kent Gudmundsen (H) står saman i eit problemkompleks skapa av EØS-avtalen. Både Høgre og Ap, med Gro Harlem Brundtland i spissen, var med på å presse EØS-avtalen ned over det norsk folk. I november 2006 skal EU-kommisjonen sitt forslag til tenestedirektiv avgjerast i EU/EØS området. Formålet med direktivet er å auka konkurransen om å yta tenester på tvers av grensene.

Tempo, effektivitet, splitt og hersk, sparing, nedskjering av arbeidsstokken, press på løns- og arbeidsvilkår (ved sosial dumping) for å auka profitten i næringslivet, blir meir og meir eit kjenneteikn på arbeids- og samfunnslivet i Noreg - og i EU. Barbara Ehrenreich skriv om det brutaliserte arbeidslivet i USA i den nye boka si "Baith and Switch". EU har som mål å skape den mest konkurransedyktige økonomien i verda. Menneska blir dermed her og meir og meir eit middel og ikkje eit mål for næringslivet.

Kvar vil me? Er det ikkje snart på tide sjå konsekvensane av EØS avtalen? Kanskje er det ikkje så galt at Stortinget - nasjonalforsamlinga vår - og ikkje Brüssel bestemmer kva ein skal løyve pengar til for å fremje folketrivnad, vekst og utvikling i Noreg, landet vårt.