Leserbrev

 

Tilbake


Sørreisa, 06. oktober 2012

EU-tragedien
Av Olav Flaate, Sørreisa Nei til EU

EU-EØS-tragedien går for open scene kvar einaste dag i fleire europeiske land. Folk mister arbeidet sitt. Offentleg tilsette får redusert inntektene sine. Pensjonistane får redusert pensjonane sine. Offentlege eigedomar, folket sine eigedomar, vert selde for å imøtekoma krava frå IMF, Det Internasjonale Pengefondet, Verdsbanken og den Europeiske Sentralbanken.

Alt dette skjer for å nedbetale statsgjeld, gjeld påført desse landa fordi sterke EU-bankar "kasta" pengar til desse landa for sjølve å få høg forteneste på utlåna sine. Det var inga krav om korleis desse pengane skulle brukast. Men tilgangen på desse letttilkomne pengane førde til ein storstila bustadbygging og generell infrastrukturbygging. Så kom den økonomiske krisa og alt raste saman.

EU, som heile tida er interessert i å skape den mest konkurransedyktige,kunnskapsbaserte økonomien i verda gjennom fri flyt av kapital, varer, arbeidskraft og tenester, er no meir interessert i å redde Euroen enn å skape arbeidsplassar, håp og framtidstru for folk i dei landa som er hardast råka av den økonomiske krisa.

Den, etter mi meining, kyniske politikken til EU-systemet har ansvar for store menneskelege lidingar og tragediar.

Då Torbjørn Jagland, og andre med han, foreslo i gi EU Nobels Fredspris vitnar det diverre om eit kortsyn som fleire og fleire politikarar med stor makt lir av. Rett nok har det ikkje vore nokon krig mellom landa i EU, men alle millionane som i dag, kvar einaste dag, kjemper for å ha utkome til det daglege brød, til eit tak over hovudet og til å eksistere, fortener EU langt frå nokon pris.

Min påstand er at EU har skapt den krisa som er i EU landa i dag, og norske stortingspolitikarar både i AP og Høgre vil ha Noreg inn i denne menneskeuvenlege unionen. På same måten som dei skremde det norske folk med økonomisk stagnasjon og alleinegong dersom Noreg ikkje sa ja til norsk EU-medlemskap i 1994, seier dagens stortingspolitikarar og næringslivstoppar det same dersom Noreg vil seie opp EØS-avtalen.

Mellom 70 % og 80 % av norske borgarar seier NEI TIL NORSK EU-MEDLEMSKAP, og stadig fleire ynskjer å få ein annan handelsavtale med EU, men Støre, Stoltenberg og Erna Solberg er krampaktige i mot.

Eg trur at det norske folk er glade i denne steinrøysa me bur i her i Noreg, og vil utvikle det litle me kan til det beste for alle. For å kunna gjera det, må me sjølve ha råderetten over eit lovsystem som tilrettelegg for ei slik utvikling.

Med EØS-avtalen er me bundne av fri flyt-politikken til EU og alle tenkjelege og utenkjelege direktiv som måtte koma frå Brüssel for å skape eit system som er meir interessert i pengar enn menneske. Å byggje eit hus på sandgrunn vil skjeldan få eit solid fundament. Difor kan det vera lurt for folket og for landet å bu oss på å rette ryggen og seie opp EØS-avtalen.