Leserbrev

 

Tilbake


EU-direktiv haglar ned over oss
Av Olav Flaate, Sørreisa Nei til EU

I samsvar med målsetjinga for EU - å få den sterkaste kunnskapsbaserte økonomien i Verda - held unionen på med å byggje opp eit lovverk som skal stø opp om denne "filosofien". Med tilsynelatande liten tanke for velferd og tryggleik for dei menneska som bur i denne delen av verda, kjem det eine direktivet etter det andre som skal gjera det lettare for "Big Business".

Tenk berre på alle dei kontroversielle direktiva som er innlemma i det norske lovverket:

  • Veterinærdirektivet
  • Matsminkedirektivet
  • Tenestedirektivet

Så kjem dei direktiva som enno ikkje er banka gjennom i det norske lovverket:

  • Postdirektivet
  • Datalagringsdirektivet
  • Vikardirektivet
  • Lov om alkoholreklame
  • Forbrukardirektivet

Alle desse direktiva og lovene grip direkte inn i den måten Noreg ynskjer å organisere tryggleik, tenesteyting, arbeidsliv og samfunnsliv på. Medan den såkalla "landsmoderen" Gro Harlem Brundtland var statsminister i Noreg klarte ho å få fleirtalet i det norske Stortinget til å røyste ja til EØS-avtalen, ein handelsavtale med EU som grip direkte inn i lovprosedyrar i dette landet.

Dette vart gjort sjølv om Noreg på den tida allereie hadde ein handelsavtale med EU som sikra eit godt samkvem med EU-statane. Samstundes hadde Noreg full råderett til å setje i verk økonomiske tiltak for å stimulere til vekst og næringsutvikling i heile landet. Tenk berre på den graderte arbeidsgivaravgifta i denne samanhangen.

Med EØS-avtalen skal alle offentlege investeringar og innkjøp over ein viss økonomisk storleik lysast ut på anbod! Dersom lokalale entreprenørar og leverandørar ikkje kan konkurrera med større verksemder i andre delar av Noreg/EØS-området, går oppdraget til desse verksemdene som ikkje har tilknyting til lokalsamfunnet.

Med det vert òg grunnlaget for økonomisk aktivitet og for arbeidsplassar i den einskilde kommunen svekka. "Big Business" styrer. Med EØS-avtalen er det og ulovleg å stimulere einskilde verksemder økonomisk, eller på annan måte, for å hindre nedlegging og stagnasjon.

Den tida norske politikarar var drevne framover av ein indre idèalisme og tanke for å skape det best mogelege samfunnet for flest mogeleg, synest å væra over. EU-direktiva bestemmer mykje kva norske politikarar skal gjera. Difor kan ein med rette spørja seg: Kvifor skal Noreg halda fram med ein handelsavtale med EU som tar frå norske kvinner og menn retten til å treffe tiltak til felles beste for folket og for landet?