Leserbrev

 

Tilbake


Sørreisa, 14. juni 2010

EU/EØS og vanlege folk
Av Olav Flaate, Sørreisa Nei til EU

Målsetjinga for EU er å få den mest kunnskapsbaserte konkurransedyktige økonomien i verda. For å oppnå dette var og er fri flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft i EU/EØS-området den magiske løysinga. Denne frie flyten skal gå fort og mest mogeleg uhindra. Difor er passkontroll og andre kontrollar inne i EU området minimalisert. "Tid er pengar filosofien" er viktigare enn å sikre trygge grensepasseringar.

Dette er heller ikkje å undrast over når me veit at ERT - The Round Table of European Industrialists - ei samanslutning av leiarar av multinasjonale og EU- nasjonale storkonsern har utforma strategien for den frie konkurransen og den frie/uhindra flyten av arbeidskraft og varer og tenester.

I denne samanhangen virkar det som det og vart fri flyt av kriminelle personar og dei mogelege terrorristane som EU no vil få tak i gjennom eit overvakingsprogram nedfelt i Datalagringsdirektivet. Denne overvakinga skal gjelde oss alle om me er kriminelle eller lovlydige borgarar! Personvernet kjem i siste rekkje berre EU - businessen får fritt spelerom.

Tilsvarande negativ interesse har EU ovanfor offentlege velferdsordningar som sjukelønsordningar, arbeidsløysetrygd, alderspensjon, uførepensjon osv. som skal syta for økonomisk tryggleik når den einskilde av ulike årsaker er ute av arbeidslivet.

EU vil privatisere så mykje som mogeleg av offentleg tenesteproduksjon, noko som forståeleg nok skaper stor usikkerheit blant den jamne mann og kvinne i EU/EØS- området. Dette EU-systemet tufta på fri konkurranse, fri flyt og maksimal profitt for industriherrane og aksjonærane vaklar no i samanføyingane. Dette systemet, som både Gro Harlem Brundland og Thorbjørn Jagland hevda at Noreg ikkje ville klara seg utan å vera medlem av, har store problem.

Sentralbanken i EU støtta næringslivet i EU-sona med store pengesummar etter finanskrisa som starta i USA. Men no syner det seg at finanskrisa ikkje er over i EU og verdsbanken og det internasjonale pengefondet kjem inn på arenaen for å "redde" statsøkonomien, som skal trygge offentleg sektor med å finansiere skular, sjukehus, vegar, alderspensjonar osv.

Hellas er vel det landet som er verst stilla, medan Spania, Portugal, Italia og England er andre land i det "gode selskapet" som har problem med budsjettunderskot. Det kan synast som om den store draumen om eurosamarbeidet er i faresonen. Det er heller ikkje rart når så mange ulike land med så ulik økonomi skal pressast til å føra den same økonomiske politikken i landa sine.

Samstundes skal marknadskapitalismen "styre utviklinga", ei utvikling som skjerpar den globale konkuransen og tar mindre omsyn til den jamne mann og kone sitt ve og vel.

Den globale egoismen som utløyste Enron-skandalen i USA og heldt fram med husspekulasjonar og andre tvilsame foretak, har fått den norske finansmannen Øystein Stray Spetalen til å sjå ljoset når han i ein artikkel i avisa Dagens Næringsliv ytrar seg om det globale finansielle spelet som går føre seg og peikar på eit konglomerat av EU, IMF og politikarar som er fletta saman i eit samansurium med bankvesenet og det finansielle systemet i Europa og vernar om kvarandre.

Når det gjeld Noreg sitt høve til EU seier Spetalen: "Heldigvis, og jeg sier heldigvis, er vi ikke med i EU. Og heldigvis kommer vi ikke med der noen gang".