Leserbrev

 

Tilbake


Tromsø, 27.02.2002

EU vil endre barnematen - også i Norge.
Av Nils Aarsæther og Eli Berg, Troms Nei til EU

Regjeringa Bondevik vil innføre EU sitt direktiv som opnar for nye tilsettingsstoff i barnematen som blir selt i norske butikkar. I staden for eit klart og greit veto - beklagar, dette vil vi ikkje - legg vi oss igjen flat for Brüssel.

Dersom Norge hadde vore medlem av EU, kunne vi stemt i mot, og bli nedstemt. Utanfor EU kan vi legge ned veto mot direktiv som etter vår oppfatning er helseskadelege. Såpass bør vi forvente av våre folkevalde. Eit norsk veto hadde også blitt lagd merke til innetter i EU, og kanskje ført til at dei som er blitt nedstemt i denne saka fekk nye argument.

Men barnemat-saka reiser eit meir grunnleggande spørsmål: Kven er EU eigentleg til for? Seier ikkje barnemat-direktivet nokså mykje om kva slags krefter det er som har EU på si side? Det er jo knapt tenkeleg at det er dei politiske partia i EU-parlamentet som har krevd nye tilsettingsstoff. Det er vel heller ikkje småbarnsforeldra som har samla seg om eit krav om å opne for overdosar av vitaminar og mineralar?

Det skulle sanneleg ikkje forundre oss om at det var kapitalinteressene i matvareindustrien som ville ha denne endringa, i samarbeid med nokre livsfjerne og overivrige folkehelsebyråkratar. Vi bør ønske oss sjølv til lykke med at vi ikkje er med i ei statsdanning som lukkar seg til mot folket og overlet til kapitalen og byråkratiet å bestemme!