Leserbrev

 

Tilbake


EU = Fri flyt av kaos
Av Olav Flaate, Sørreisa Nei til EU

Det gjer meg trist å væra vitne til det som skjer i EU. Fleire og fleire menneske mister arbeidet sitt. Fleire og fleire yrkestaktive må springe fortare og fortare for å tene mykje mindre enn dei gjorde tidlegare. Fleire og fleire får økonomiske problem med å dekkje grunnleggjande behov. Det vert større og større ulikheiter mellom folk.

Kjernestrategien til EU er fri flyt av kapital, arbeidskraft, varer og tenester med den målsetjinga å få den mest konkurransedyktige, kunnskapsbaserte økonomien i verda!

Pengane er det viktigaste! I ein desperasjon for å oppnå denne målsetjinga - der finanskrisa skapa store problem for unionen, tar EU bort håpet, draumane, forventingane, gleda over livet, det å væra til, frå millionar av menneske.

Politisk styring for å skape eit best mogeleg samfunn for flest mogelege synest ikkje å vera på sakslista. EU er i ferd med å øydeleggje balansen i arbeidslivet. Det eine direktivet etter det andre set meir og mindre forhandlingspartnarane: arbeidsgivar, fagforeining og stat på sidelina.

Samstundes køyrer dei på med krav om effektivisering, konkurranseutsetjing og innsparing i offentleg sektor, som burde væra lokomotivet i å tilretteleggje for næringsutvikling og velferdsutvikling for folk flest.

Spania, Portugal, Irland og Hellas har alle fått kniven på strupen med påbod om store innsparingar. Men og dei store landa som Tyskland, der det er ei stigande arbeidsløyse og Storbritannia der dei skal redusere statsbudsjettet med mange milliardar kroner let dei vanlege menn og kvinner ta kostnadene ved EU/EØS-eksperimentet.

60% av norske kvinner og menn seier nei til EU medlemskap - det er bra, men samstundes er det rart at det ikkje er fleire. På møtet i World EconomicForum i Davos i januar 2011 var det mange statsleiarar og økonomar + Stein Erik Hagen som roste Noreg og norske politikarar (blant andre Jens Stoltenberg) for måten dette landet er styrt på for å skape ein "god" velferdsstat.

Rosen, lovorda for dette byggverket burde gå til dei politikarane som ein gong styrde landet. Politikarane våre i dag diltar diverre etter EU meir og meir. Det eine kontroversielle direktivet etter det andre vert innlemma i norsk lovverk. Tenk på Tenestedirektivet. No er det stor drakamp om Postdirektiv og Datalagringsdirektiv.

Politikarane våre har ikkje så mykje å skryte av når det gjeld utviklinga av velferdsstaten. Tenk berre kva dei har gjort med Jarnbanen, Vegvesenet og for ikkje å forgløyme Statkraft. Politikarane våre styrer mindre og mindre. Dei folkevalde overlet meir og meir til embetsverk og byråkrati. Men det er jo i samsvar med New Public Management, så då så.

Både EU og Noreg (sjølv om det er verdas beste land å bu i) bør styra etter det gamle slagordet til SV "Del godene". Då trur eg at me ville få fleire lukkelege menneske i EU, i Noreg og i verda.