Leserbrev

 

Tilbake


Sørreisa, 2. november 2007

EU - den mest konkurransedyktige økonomien i verda !
Av Olav Flaate, Sørreisa Nei til EU

EU er stadig på jakt etter nye marknader for den ekspansive handelspolitikken sin. Målsetjinga om å få den mest konkurransedyktige økonomien i verda er både grenselaus, skrupellaus og kynisk. Det går no føre seg forhandlingar mellom EU og dei afrikanske landa om ein handelsavtale (EPA).

Eit vilkår EU set for å få til ein avtale er at dei afrikanske landa skal ta bort tollen på 80% av varer frå EU. Dette vil føre til ein dramatisk reduksjon i offentlege inntekter for desse landa. I Zambia tilsvarer dette like mykje pengar som vert brukt til å få bukt med aids!

I tidlegare frihandelsavtale mellom afrikanske land og EU har sterkt subsidierte EU-varer strøymd inn over dei afrikanske landa på ein slik måte at mange bønder, på dette ressursrike kontinentet, ikkje har kunna konkurrera på pris med EU-landa ! Resultatet er blitt at mange afrikanske bønder har slutta med matvareproduksjon og jordbruk. Kven seier at kolonialiseringa av afrikanske land er slutt?

I tillegg til at EU tvinger afrikanske land til å redusere tollsatsar på varer frå EU, krev både det Internasjonale Valutafondet ( IMF ) og Verdsbanken at dei fattige landa i Afrika skal redusere dei offentlege utgifene dei har til skular, vegar, helsestell osv. og finne fram til private løysingar. Dette er vilkåret, dette er kravet for at desse landa skal få lån og tilskot til å utvikle ein best mogeleg infrastruktur for befolkninga der.

Korleis ville det ha vore i Noreg etter den 2. Verdskrigen dersom ikkje ein sterk offentleg økonomi hadde støtt opp om gjenoppbygging og utvikling av Nord-Noreg og grisgrendte strok ellers i landet? Med slike gode erfaringar frå eige land må sjølvsagt dei offentlege budsjetta til fellesgodene for folket i afrikanske land auke istadenfor å minke berre for å stimulere profitthungeren til europeiske og multinasjonale konsern.

Ap har eit slagord som heiter "Alle skal med". SV har hatt eit slagord som heiter "Del godene". Det er vel sjølvsagt at desse slagorda gjeld både nasjonalt og globalt i den globaliserte verda me lever i.

Gjennom EØS-avtalen er Noreg indirekte med på ein handelsokkupasjon av land som treng økonomisk hjelp både til utdaning, demokratibygging, ressursutnytting - og ikkje minst til å skape stoltheit og sjølvkjensle blant den jamne mann og kvinne i desse landa. Den rike delen av verda - der Noreg er sjølvskreven - må gi desse landa hjelp til sjølvhjelp, slik at dei kan utvikle sitt eige næringsliv - industri og jordbruk.

Når me veit at EØS-regelverket, som Noreg er bunden opp av gjennom EØS avtalen - heller ikkje tar omsyn til distriktspolitiske tiltak for å fremje vekst og utvikling i vårt eige land, er det berre ein ting å gjera; seie opp EØS-avtalen!

Noreg gjer sikkert mykje for å redusere svolt og fattigdom rundt om i verda. Men som ein suveren nasjon frikopla dominansen frå EU, kan verkeleg landet vårt bli eit lysande føredøme for andre land i verda i kampen mot ein stadig meir kynisk kapitalisme.