Leserbrev

 

Tilbake


EØS avtalen - ei sjølvpining
Av Olav Flaate, Sørreisa Nei til EU

Det er ei kjennsgjerning at EØS-avtalen har omfattande verknader for nasjonale politiske målsetjingar i Noreg. Dette gjer seg gjeldande innan kultur, næringsliv og samfunnsliv. Ofte fører nye EU-direktiv til store meirkostnader både for det offentlege og for private verksemder. ESA, overvakingsorganet som kontrollerer at EØS-avtalen vert respektert og etterlevd, leiter med argusaugo etter om det framleis er noko i "nissehuelandet" som ikkje er i samsvar med denne avtalen.

Nett no gjeld det bibliotekvederlagsordninga. Dette er ei økonomisk stønadsordning frå kulturdepartementet som skal fremje utgjeving av bøker på norsk og samisk her i landet. ESA meiner i denne samanhangen at ei slik stønadsordning diskriminerer forfattarar som skriv på tysk, fransk, engelsk osv. Men det skal nå f.. berre mangle om me her i landet ikkje skal kunna stimulera til lesing av det norsk språket! Me bur i Noreg. Språket er ein viktig del av norsk kultur og identitet - og i det "bomberegnet" av engelske bøker, tidsskrift, filmar og dataspråk me har kring oss, er det viktigare enn nokon gong å tilrettelegge for mest mogeleg bruk av språket vårt.

ESA hadde i år 2005 eit budsjett på om lag 80 millionar kroner. Noreg åleine finansierte 71 millionar kroner av desse pengane. Tenk å betale så mange pengar for å hjelpe til å undergrava bruken av det norske språket! Tenk kva det har kosta det norske samfunnet å finna kompensasjonsordningar då det vart klart at den graderte arbeidsgivaravgifta var i strid med EØS-avtalen. Tenk på kravet om at anbod på offentlege investeringar over ein viss storleik skulle lysast ut i heile EØS-området. Tenk på kravet om ei bestemt sort sand i barnehagane! Ja mest dagleg kjem det nye EU direktiv som skal innarbeidast i det norske lovverket.

Er det ikkje på tide at me seier opp EØS-avtalen, som kneblar oss på hender og føter. Me har framleis sjølvråderett i dette landet. Noreg er ikkje medlem av EU. Kan hende nokre sentrale politikarar vil føla det som eit nederlag å seie opp EØS-avtalen. Slike omsyn kan nasjonen ikkje ta. Det er på tide igjen å bli herrar i eige hus - i navnet så vel som i gavnet. EØS-avtalen er stort sett ei sjølvpining.