Leserbrev

 

Tilbake


Sørreisa, 21. desember 2009

EØS avtalen mellom EU og Noreg dyrare
Av Olav Flaate, Sørreisa Nei til EU

Det er no klårt at Noreg må betale femten (15) milliardar kroner dei neste fem åra for å få tilgang til EU-marknaden med varene våre. I tillegg aksepeterer Noreg framleis fri flyt - ikkje berre av varer, men og av tenester, arbeidstakarar og kapital.

Jonas Gahr Støhre var saman med Gro Harlem Brundtland arkitektane bak EØS-avtalen. Denne avtale vart tredd ned over hovuda på det norske folk i full forvissing om at det ville bli eit JA til norsk medlemsskap i EU 28. november 1994. Noreg hadde frå før av ein handelsavtale med EU, ein avtale som fungerte godt. Denne er aldri blitt sagt opp.

Stöhre kommenterer den dyre inngangsbilletten til EU med at pengane skal gå til å utvikle fattige regionar og land i EU. Han hevdar vidare at Noreg må vise solidaritet med dei andre europeiske landa og hjelpe dei fattige til betre økonomi, helsestell og undervisning.

Retorikaren Støhre veit at det er mange som er samd med han i det å hjelpe fattige menneske, men Noreg er ein sjølvstendig og suveren stat og kan gi både økonomisk og humanitær hjelp til kva slag land, og til kva slag folk det måtte vera. Noreg treng ikkje la denne hjelpa gå gjennom EU systemet!!

Ivar Aasen seier dette veldig klårt i eitt av dikta sine; "Eg tykkjer stødt, at det høver best aa hjelpa den, som det trenger mest". Dessutan er verda litt større enn berre EU. Er fattige land og folk i andre delar av verda mindre verdfulle enn europearane?

Me registrerer korleis EU tvinger fattige afrikanske land til å ha låge tollsatsar på både jordbruksvarer og andre varer frå EU og dermed "pøser" overskotsvarer frå Europa inn over afrikanske land, slik at desse ikkje får utvikle sitt eige jordbruk. Kvar er solidariteten då Støhre? Er det hykleriet som viser seg bak retorikken til Gahr Støre symtomatisk for fleire maktpolitikarar i vår tid? Dersom svaret er ja, må det vera eit teikn på moralsk forfall på høgt plan.