Sørreisa,
15. desember 2008
Den ”fantastiske” EØS – avtalen!
Av Olav Flaate, Sørreisa.
NHO, næringslivet sin hovudorganisasjon,
Jonas Gahr Störe, Jens Stoltenberg og eit fleirtal av stortingsrepresentantane
meiner i 2008 at EØS-avtalen er ein god handelsavtale mellom Noreg
og EU. Gro Harlem Brundtland og Jonas Gahr Støre gjorde begge sitt
til at Noreg aksepterte denne avtalen, sjølvom Noreg på den tida
hadde ein ”gulle god” handelsavtale med EU, ein avtale utan fri
flyt av direktiv. Målet for Brundtland og Støhre var å få Noreg
som EU medlem ved ei folkerøysting. (Det lukkast heldigvis ikkje!)
I samband med eit folkemøte i Sørreisa
i forkant av folkerøystinga i 1994 om Noreg skulle bli EU-medlem
eller ikkje, sa noverande statssekretær i forsvarsdepartementet,
Espen Barth Eide at EØS–avtalen ikkje var noko anna enn ein skarve
husmannskontrakt. Dette sa han då, berre 7 – 8 månader etter at
EØS-avtalen vart gjort gjeldande frå 1. januar 1994, og før den
frie flyten av EU – direktiv strøymde inn over landet vårt for alvor!
Kva er det som får redaktøren av
Nordlys den 2. desember 2008 til å skrive ”EØS–avtalen er Norges
gullkort, men behandles som den stygge andungen”? Han er ikkje aleine
om å meine dette når han har både NHO og Stortingsfleirtalet i ryggen
– men kva er så fantastisk med EØS–avtalen? Tenk på olje- og gassdirektivet
- olje og gassutvinninga skulle i samsvar med den norske oljepolitikken
koma heile det norske samfunnet til gode.
Men styringsreiskapen vart borte
i 1995 då Stortinget godtok dette direktivet. Frå då skulle all
oje og gassverksemd langs norskekysten styrast etter dei frie konkurransereglane
som var rådande for den indre marknaden i EU. Statoil vart ikkje
lenger sikra minst femti prosent deltaking på alle utvinningsfelta.
Noreg kan med andre ord ha tapt mange milliardar kroner på at olje
og gassdirektivet vart tatt inn i EØS.
Tenk på veterinæravtalen som Stortinget
godkjende i 1998. Frå då skulle det bli slutt med den veterinære
grensekontrollen med import av levande dyr og av kjøt, fisk og meieriprodukt
frå EU/EØS–området. Gro Harlem Brundtland garanterte for at grensekontrollen
skulle halda fram då Stortinget godkjende EØS-avtalen! Tenk på heimfallsretten
til norske kraftverk og den norske vasskrafta som både med energi
og pengar skulle koma alle i dette landet til gode. Gro Harlem Brundtland
garanterte ovanfor Stortinget at EØS–avtalen ikkje ville endre på
dette. ESA, EU sitt overvakingsorgan, protesterte mot dette.Det
førte til at regjeringa måtte gjere visse endringar i tidligare
praksis og på ein slik måte at det framleis er ein sterk offentleg
eigarskap av kraftverka.
Tenk på Vinmonopolet, som skulle
ha einerett til import og engrossal av alkoholvarer i dette landet.
Gro Harlem Brundtland forsikra i 1992 Stortinget om at eineretten
til Vinmonopolet vil halda fram med ein EØS–avtale. Etter pålegg
frå ESA vart dette oppheva i januar 1996! Dette førte truleg til
den største endringa av norsk alkoholpolitikk sidan Vinmonopolet
blei etablert i 1922.
Tenk på direktivet som bestemmer
at offentlege innkjøp og investeringar over ein viss storleik skal
leggjast ut på anbud i heile EØS–området. Dette undergrev lokale
og regionale entreprenørar og leverandørar – er dette ein aktiv
arbeidsmarknadpolitikk for å få fleire i arbeid? Tenk på ordninga
med den differensierte arbeidsgivaravgift som skulle gjera det billegare
å tilsetje folk i distrikta, oppretthalde bedrifter og stimulere
til nyetableringar. ESA konkluderte med at denne ordninga var i
strid med EØS–avtalen fordi det ga konkurransefordelar til bedrifter
i distrikta!
Tenk på Rena Kartonfabrikk – hjørnesteinsbedrifta
i Åmot kommune med 210 arbeidsplassar hadde finasielle problem.
Næringsliv, lokale og sentrale styresmakter gjekk saman om å redde
bedrifta. Men dei fekk ikkje lov til å gjere dette fordi ESA fann
ut at ein slik redningsaksjon var i strid med EØS reglane!
Nye direktiv står i kø for å bli
tatt inn i det norske lovverket. Postdirektivet, Datalagringsdirektivet
og Tenestedirektivet. Statsminister Jens Stoltenberg har allereie
sagt ja til Tenestedirektivet trass i store protestar både frå regjeringspartane
SP og SV, og store delar av fagrørsla! Like lite som Gro Harlem
Brundtland kan Jens Stoltenberg gi garantiar om nokon ting som helst
når det gjeld tolking av EØS /EU direktiv.
I dei femten åra Noreg har vore knytta
til EU gjennom EØS avtalen har me gradvis mista retten til å styre
den politiske, sosiale og økonomiske utviklinga i dette landet slik
me sjølv ynskjer. Korleis går det då med demokratiet? Kva er det
eigentleg som er så ”fantastisk”med EØS avtalen? Kva er ”gullkortet”?
Er det ikkje på tide å analysere kva verknader denne avtalen har
både for folk flest (dei vert i mange samanhangar utegløymde) og
for landet som heilheit?
|