Leserbrev

 

Tilbake


Sørreisa, 23. november 2008

Den arrogante Jens Stoltenberg
Av Olav Flaate, Sørreisa Nei til EU

Det finnest mange arrogante menneskje som undervurderer og latterlegjer standpunkt andre måtte ha. Dette fører skjeldan til ein konstruktiv dialog eller positive prosessar vidare. Jens Stoltenberg godtar EU sitt tenestedirektiv trass i ein massiv motstand i store delar av fagrørsla , blant mange AP velgjarar i tillegg til samarbeidspartia SP og SV i den raudgrøne regjeringa. Arrogansen kan berre samanliknast med Gro Harlem Brundland som i si tid hevda at heimfallsretten til den norske vasskrafta ikkje skulle vera noko EØS tema. Mange veit at dette ikkje var sant.

LO sette opp fire vilkår for å godta tenestedirektivet : 1) sikring av tiltak mot sosial dumping. 2) allmenngjering av tariffavtalar. 3)sikre den norske arbeidsretten si suverene stilling. 4) sikring av offentlege tenester. No har Jens Stoltenberg gitt garantiar til LO leiar Roar Flåthen om at dei fire vilkåra er sikra. Dermed har LO godtatt tenestedirektivet. Mange fagorganiserte både med og utan tilknyting til AP har protestert på denne avgjerda. Garantiar som skulle sikre dei fire vilkåra LO sette opp er umogeleg med ein dynamisk EØS avtale som det heile kviler på.

Tenestedirektivet i seg sjølv vil føre til fri flyt av tenesteoperatørar og tenesteytarar i heile EU – området. Til dømes kan eit polsk reingjeringsfirma som er godkjend i Polen fritt kunna etablera seg i Noreg – med polske løns – og arbeidsvilkår ! Tenestedirektivet gjer det og ulovleg å stilla nasjonale krav til utanlandske firma. Dei offentlege tenestene innan vassforsyning/avløp, energiforsyning og utdaning er ikkje sikra for all framtid som offentlege tenester med eit tenestedirektiv. Det er heller ikkje helsetenestene.

Den dynamiske EØS – avtalen kan ikkje gi nokon garanti. Den frie flyten av varer , arbeidskraft, kapital og tenester er ein stor fare for det velferdssamfunnet som Noreg har bygt opp etter den 2. Verdskrigen med eit godt system for arbeids og lønsvilkår med tariff – festa ferie og regulert arbeidstid,og eit godt trygdesystem , offentlege skular og helsevesen. Difor er det viktig å ha meir kontroll med økonomisk aktivitet for å sikre det samfunnssystemet, som folk frå andre delar av verda misunner oss og vil kopiere. Ein sterk offentleg sektor, der politikarar tenkjer langsiktig og set mennesket i sentrum, vil vera grunnpillaren for solidaritet,fellesskap og miljø – istadenfor egoisme og grådighheit.

Finanskrisa skaper i dag store problem for vanlege folk mange stader i verda – i vesle Noreg og, men mest i dei fattige landa – dei som har minst frå før. Fri flyt av kapital, varer og tenester utan statleg/offentleg kontroll, førte i fyrste omgang til stor opphoping av kapital hos multinajonale konsern og leiarar med skyhøge honorar og fallsskjermar. Marknadskreftene rådde – fri flyt rådde.

I dag er det mange som tar til orde for meir statleg og offentleg kontroll med den økonomiske aktiviteten rundt om i verda. Jens Stoltenberg derimot vil ha meir fri flyt, meir av ting som førte til den økonomiske tilbakegangen me opplever i dag. Det kan ikkje vera rett medisin. Noreg må setje ned veto mot tenestedirektivet. Den økonomiske aktiviteten må ikkje få lov til å væra eit trugsmål mot demokratiet. Me kjenner til land som ikkje har det. Vil me ha det slik ?