Leserbrev

 

Tilbake


Sørreisa, 27. mars 2012

Demokratiet i Noreg - kvar tar det vegen?
Av Olav Flaate, Sørreisa Nei til EU

Livet er så skjørt, så sårbart. Om ein lever sunt eller usunt, om ein er ung eller gamal - brått kan det vera slutt. Slik er det berre. Me lever her og no og gjer det beste ut av det livet me har fått, for oss sjølve og for kvarandre.

Demokrati - folkestyre- er noko anna, men det er og sårbart. Historia fortèl om kongar og andre herskarar som har styrt eineveldig og utnytta og utbytta folket til sitt eige beste. Dei måtte lide både psykisk, fysisk og økonomisk.

I Noreg hadde me eingong framsynte politikarar som såg sosialdemokrati og velferd for folk flest som kjenneteikn på eit godt samfunn. Alle skulle me "dela godene" og "alle skulle med", vera inkluderte.

Folket var med. Dei brukte stemmeretten og politikarane lytta til folket med det sunne og trauste bondevetet. Infrastruktur med skular, vegar,jarnvegar, flyplassar, sjukehus osv. vart bygde, ikkje etter nytte/kostnad-prinsippet, men fordi dei såg behovet.

Demokratiet fungerte på eit vis då. Men ingen har nokon gong kunna kvila på laurbæra, på suksess same kva det måtte væra. Demokratiet må ein difor kjempe for og vinne kvar dag.

Det kom eit gufs inn i det norske demokratiet, den norske samfunnsmodellen då Noreg med Gro Harlem Brundtland som statsminister røysta ja til EØS avtalen med EU. Allereie før avtalen var underteikna kunne ein merka eit skifte av fokus frå folk til business.

Noreg hadde på det tidspunktet allereie ein handelsavtale med EU, ein avtale som fullt ut tok omsyn til norske interesser på ein god måte. Difor var det uforståeleg at det skulle vera nødvendig å forhandle om ein ny handelsavtale der me i tillegg skulle betale for å vera med!

Gro Harlem Brundtland ga bort mykje av norsk sjølvråderett ved å gå inn for denne avtalen. Med EØS-avtalen måtte me akseptere fri flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft. Me måtte og innlemme direktiv/lover frå EU i det norske lovverket. Mange av desse direktiva grip dramatisk inn i den norske måten å organisere samfunnet på. Det gjeld arbeidsliv, distriktsutvikling, kommunikasjonssystem, velferdsutvikling og mattryggleik.

EØS-avtalen har starta ein prosess med mindre og mindre politisk styring og såleis mindre og mindre folkeleg/ demokratisk påverknad på samfunnsutviklinga.

Big business og upersonlege marknadskrefter styrer no mykje av utviklinga mot mest mogeleg profitt som målsetjing for samfunnsutviklinga. I samsvar med dette vart difor statlege forvaltningsselskap slik som televerket, jarnbanen, helseforetaka, Avinor etc. omorganiserte til statlege aksjeselskap.

Tida er no moden for å vurdere verknadene av denne businessifiseringa av både nasjonale , regionale og lokale samfunnsoppgåver. Eitt viktig steg i denne retninga skjedde femtande mars 2012. Den dagen presenterte ei arbeidsgruppe utgreiinga "Alternativ til EØS". Denne gruppa peikar på sju alternativ til EØS-avtalen, og dei er eit godt grunnlag for å starte diskusjonen om kva slag handelsavtale med EU Noreg og alle norske borgerar er best tente med.

Det verkar difor rart at to profilerte politikarar, i det demokratiske Noreg, som statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Jonas Gahr Støre synest å villa stoppe denne debatten. Makt korrumperer og gjer folk arrogante ikkje berre i utviklingsland, men og i Noreg. Omsynet til NHO, til eigen politisk karriære kan lett gå føre det å tene folket.

I to folkerøystingar om norsk EU-medlemskap er det blitt Nei-fleirtal. Både Støre og Stoltenberg må ha registrert ein veksande uvilje mot EØS-avtalen. Dei må og ha erfart kva slag uheldige konsekvensar mange EU-direktiv har hatt for distriktsutvikling, samfunnsliv og arbeidsliv.

Landet vårt treng ikkje fleire festtalar eller retoriske krumspring. Landet vårt treng meir demokrati,meir openheit og fleire politikarar som bryr seg om korleis folk skal ha det i dette landet. Det er viktigare enn å vera med i eit system som er meir opptatt av konkurranse og profittjag.