Leserbrev

 

Tilbake


Sørreisa, 3. mai 2010

Datalagringsdirektivet - eit trugsmål mot personvernet og demokratiet
Av Olav Flaate, Sørreisa Nei til EU

Den 15. mars 2006 vedtok EU datalagringsdirektivet. Som EØS-medlem må Noreg og implementere dette direktivet i det norske lovverket. Men etter EØS sitt lovverk kan Noreg reservere seg og dermed nekte å ha det som gjeldande norsk lov.

Kvifor er det så viktig å reservere seg/avvise dette direktivet? Direktivet krev at internettselskap og teleselskap skal langtidslagre opplysningar om kven som snakkar med kven på fasttelefon, mobiltelefon og IP-telefon. Dei skal og registrere kor lenge samtalen varer, kvar samtalepartnarane er, og når samtalen skjer. Direktivet set vidare krav om å lagre kven som får og sender e-post til kven og kva tid dei er kopla opp til internett.

Det framtidssamfunnet som forfattaren George Orwell skildrar i romanen "1984" frå 1949, der styresmaktene "STOREBROR" - alltid ser deg, synest å koma oss skræmande nært inn på livet. George Orwell lar tv - apparatet vera to - vegs informerande. Folk ser tv-programma sine på vanleg måte medan og tv-apparatet registrerer alt som går føre seg innan bustaden til den einskilde, som så vert registrert av dei styrande.

Når det Norske Arbeidarpartiet med Jens Stoltenberg og Helga Pedersen så sterkt går inn for dette direktivet, er det urovekkjande. AP - det einaste partiet som synest å gå inn for direktivet - snur alle politiske og demokratiske spelereglar på hovudet. Det er folket som skal kontrollere politikarane/dei folkevalde og ikkje omvendt!Med eit slikt direktiv og under påskot om å kjempe mot ulike former for terrorverksemd, med ei stadig oppbygging av eit sterkt politi, er ikkje vegen lang frå demokrati til diktatur.

Datadirektivet reiser skræmande perspektiv på eit framtidssamfunn der både personvern og demokratiet kan koma i fare. Alle dei norske politiske ungdomspartia går mot dette direktivet. Ungdomen er framtida. Styresmaktene i dette landet har både eit moralsk ansvar og ei fundamental plikt til å lytte til fråsegnene frå ungdomen.

Med så mange opplysningar som skal samlast inn om den einskilde i kraft av datalagringsdirektivet, kan uvedkomande gjera uboteleg skade når dei misbruker dei registrerte opplysningar til eigne føremål. Me veit kor nedverdigande det har vore for einskildmenneske som har opplevd at helseopplyningar er komne i urette hender.

I slike tilfelle kjem det berre nokre platte årsakingar frå dei ansvarshavande i etterkant. Men SKADEN for den det gjeld blir værande. Og stor skade opplever og dei som vert fråstjålne identiteten sin fordi det allereie er for mange registrerte personopplysningar om den einskilde borgar i dette landet.

Det nærmar seg 1. mai, den internasjonale demonstrasjonsdagen for arbeidarar. Forutan å kjempe for gode arbeidsvilkår som fremjer arbeidsglede, kreativitet og fellesskap på alle arbeidsplassar, kan det vera ein tanke at 1. mai dagen i Noreg i 2010 og vert ein demonstrasjonsdag mot datalagringsdirektivet og for demokratiet og personvernet. Mister me desse verdiane, må me skamme oss ovanfor dei komande generasjonane!