Leserbrev

 

Tilbake


Sørreisa, 20. januar 2009

Blir det ny EU-kamp i 2009?
Lenvik og Sørreisa Nei til EU v/Olav Flaate

Onsdag den 28 januar 2009 arrangerer Lenvik og Sørreisa Nei til EU eit felles ope møte i Sørreisa kulturhus med temaet ”Blir det ny EU – kamp i 2009”? Island er bankerott, finanskrise set sitt stempel på arbeidsliv og politisk liv i den såkalla ”global village”, i heile verda.

Fri flyt av varer, arbeidskraft, tenester og kapital, med minst mogeleg politisk kontroll, førte verda uti ei krise me må heilt attende til 1929 for å finne noko liknande til.

Det er stortingsval i 2009 og Erna Solberg, dei borgarlege partia sin statsministerkandidat, ivrar for EU–søknad og EU-medlemskap. Det same gjer Grete Berget, generalsekretær i Ja til EU-rørsla. Thorbjørn Jagland, noverande stortingspresident, har vel fått så mange smekkar på fingrane at han ikkje finn tida mogen enno.

Heming Olaussen vil i tilknyting til temaet koma inn på svært kontroversielle EU–direktiv som til dømes: Tenestedirektivet, Postdirektivet, Datalagringsdirektivet – kva dreier det seg om? Kva vert konsekvensane ved å innlemme desse i det norske lovverket? EØS avtalen, så lovprisa av både Ja til EU og NHO, produserer kontinuerleg direktiv som får djuptgripande verknader for norsk samfunnsliv. Er det noko alternativ til EØS–avtalen?

Offentleg sektor vert systematisk bygd ned i EU-landa. Den sektoren som er ein garanti for infrastruktur for fellesskapet med skular, sjukehus og samferdslesektor. Mange veit korleis det er i USA. Vil me ha det slik og? Det vert ein spanande kveld med mykje informasjon og høve til spørsmål. Det vert og bevertning, så ta med deg naboen og møt opp på kulturhuset i Sørreisa 28. august 2009.